Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. RadioforbodChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Radioforbod

I denne oppgåva skal du lære om korleis det var å leve for folk flest i det tyskokkuperte Noreg frå 1940 til 1945. Du skal studere og tolke ei rekkje fotografi som vil vise deg korleis kvardagslivet var for dei fleste under andre verdskrigen i Noreg.

Illegal radiolytting under okkupasjonen
Sjølv om det var ulovleg å ha radio under okkupasjonen, var det mange som gøymde bort radioane sine og følgde spente med på sendingane frå London.

Okkupasjon og mediesensur

I 1940-åra hadde ein enno ikkje fått TV i Noreg. Informasjonen fekk ein via avisene, radio og eit nyheitsmagasin som vart vist på kino. Den tyske styresmakta kunne lett kontrollere avisene, nyheitsmagasinet og dei norske radiokanalane.

Verre var det med dei utanlandske kanalane. Mange nordmenn høyrde mykje på nyheitene på BBC frå England. Dette likte okkupasjonsmakta dårleg, for England oppmoda til kamp og motstand mot det tyske regimet. Særskilt viktig for norsk motstand var talane kong Haakon 7. heldt frå London.

I 1941 vart det derfor bestemt at alle måtte levere inn radioane sine. Det vart frå da av ulovleg å ha radio heime. Fann politiet eit radioapparat heime hos nokon, vart dei mistenkte for spionasje, og straffa var svært streng.

Før du svarer på oppgåvene, bør du lese artiklane Fotografi som historisk kjelde og Kva er ei historisk kjelde? som du finn nedst på sida under Fagstoff.

Oppgåve 1 – Oslo

Studer bileta nr. 1 og 2 frå Møllergata skole i Oslo, og les bilettekstane nøye.

Kjelder oppgåve 1

Klikk på bileta for å sjå større versjon.

stort lager med radioapparater
Bilete 1: Noreg under den tyske okkupasjonen. Alle radioapparat måtte leverast til tyskarane. Her er ei scene frå ein av skulane i Oslo, som vart brukt som depot. Nokre av desse radioane vart funne av eigarane sine etter krigen, men mange av dei vart sende til Tyskland. Foto teke september 1941.
folk som leverer in radioapparater
Bilete 2: Innlevering av radioapparat på Møllergata skole i Oslo september 1941.
  1. Gi ei kort skildring av det du ser på desse to bileta.
  2. Vil du seie at bilete nr. 1 er presenterande eller berettande? Forklaring på desse omgrepa finn du i fagartikkelen Fotografi som historisk kjelde. Grunngi svaret.
  3. Sjå på bilete nr. 2 ein gong til. Korleis vil du beskrive sinnsstemninga til mannen heilt til høgre i biletet? Er han glad, sint, trist eller oppgitt, trur du?

Oppgåve 2 – Hardanger

Studer bileta frå Hardanger nøye.

Kjelder oppgåve 2

Opptog i Hardanger -som leverer inn radioapparater
Bilete 3
mann som leverer inn radioapparat
Bilete 4
  1. Gi oss ei kort skildring av det du ser på desse to bileta.
  2. Bakpå bileta er det skrive ein forklarande tekst.
    Les bilettekstane

    Denne teksten står bakpå bilete nr. 3:
    Bildet er tatt i det øyeblikk sørgelaget nærmer seg innsamlingsstedet. Norwegian Official photo no. S.2536B. En usedvanlig gravferd. Ad mange og lange omveier er en interessant bildeserie fra en liten norsk bygd nådd London. De gir et levende inntrykk av hvordan det norske folk tross alle vansker forsøker å møte den tyske okkupasjonen og terroren med godt humør. Nordmennene har oppdaget at det tar brodden av selv de hardeste slag. Bildene er tatt da radioapparatene etter tysk ordre skulle innleveres i juli måned 1941. Befolkningen i en liten bygd i Hardanger, på Vestkysten av Norge, besluttet å holde en stor ”sørgehøytid” i sakens anledning. Hest og vogn ble bestilt til samlet transport av apparatene fram til avleveringsstedet. En fiolonist ble plassert foran lasset og spilte sørgetoner i samsvar med norske gravferdstradisjoner. Bak vogna gikk så den del av bygdas befolkning som hadde mistet sine apparater.

    Denne teksten står bakpå bilete nr. 4:
    Norwegian Official photo No. S2536B. En usedvanlig gravferd. Bildet viser apparatene bli båret inn på innsamlingsstedet.

  3. Sjå på bileta nok ein gong. Kva fortel dei deg no?
  4. Er bileta presenterande eller berettande? Forklar kvifor.

Oppgåve 3 – Radioforbod, ein refleksjon

Sjå no på alle bileta under eitt, og svar på spørsmåla nedanfor:

  1. Når og kor er bileta tekne?
  2. Kva ville fotografen dokumentere da han tok desse bileta?
  3. Kva trur du menneska på bileta følte denne dagen?
  4. Kvifor måtte dei levere inn radioane sine?
  5. Kva med fjernsynsapparata? Måtte dei levere inn dei også?
  6. Korleis ville du føle det om du og alle du kjende, måtte levere inn mobil, TV, PC, nettbrett og radio på denne måten?

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale