Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Visste NS kva som skjedde med jødane ?ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Visste NS kva som skjedde med jødane ?

Visste Nasjonal Samling (NS) kva som skjedde med jødane etter at dei vart deporterte frå Noreg? Denne diskusjonen kan sjølv ikkje historikarar bli samde i. Kva meiner du?

Butikkvindu påmalt ordene jøde stengt
Jødehatet kom tydeleg til uttrykk i Oslo under okkupasjonen.

Oppgåve 1 – Brevet frå Halldis Neegård Øsbye

Halldis Neegård Østbye var ein kjend og aktiv medlem i Nasjonal Samling (NS) under krigen. Den 7. oktober 1942 skreiv ho eit brev til ministerpresident Quisling som gjaldt jødespørsmålet i Noreg. Ein månad etter at Quisling fekk brevet, vart deportasjonen av dei norske jødane sett i gang.

Dette brevet vart brukt som eit av fleire fellande bevis mot henne i krigsoppgjeret etter krigen, og resulterte i at ho vart dømd til fengsel i sju år. Delar av brevet er streka under med raudt. Det vart gjort i samband med rettsoppgjeret.

Kjelde oppgåve 1

Brev frå Halldis Neegård Østbye

Filer

Les brevet, gjerne heile, men minimum dei fem felta vi har markert med blå kant. Det beste inntrykket får du sjølvsagt om du tek deg tid til å lese heile brevet. Brevet er skrive og underteikna Halldis Neegård Østbye.

Svar på desse spørsmåla:

  1. Kva slags kjelde er dette? Primær eller sekundær?
  2. Når vart brevet skrive?
  3. Kven er avsendar, og kven er mottakar av dette brevet?
  4. Kva handlar brevet om?
  5. Kvifor meiner Halldis Neegård Østbye at eventuelle tiltak mot jødane i Noreg bør «gjennomføres mest mulig i stillhet, og ettappevis?»
  6. Kva tiltak er det ho meiner best bør «foregå i stillhet»?
  7. Kva trur du Halldis Neegård Østbye meinte da ho skreiv: «Det er en selvfølge at den endelige løsningen av jødeproblemene må gjennomføres uten sentimentalitet når det gjelder å sikre vårt eget folk, og Europa mot et nytt jødisk fremstøt»? Grunngi svaret kort.
  8. Kva trur du Halldis Neegard Østbye meinte med å skrive: «Det er det samme som med dyrene. De skal drepes raskt og smertefritt, ikke seigpines. Det bør vel også gjelde jødene»? Grunngi svaret kort.

Oppgåve 2 – Fylkesmannen i Hedmark

Neste kjelde er ein rapport frå fylkesmannen i Hedmark. Rapporten vart send til innanriksminister Hagelin i midten av august 1943. Brevet inneheldt ein del kritikk av Nasjonal Samling (NS) og framferda til tyskarane på fleire punkt. Ikkje lenge etter bad Quisling fylkesmannen om å søkje avskjed, noko han også gjorde.

Kjelde oppgåve 2

Rapport frå fylkesmannen i Hedmark 1943 om jødane i Noreg

Filer

Originalen hos Riksarkivet er dessverre svært vanskeleg å tyde. Les derfor heller utdraget frå rapporten som du ser under biletet av kjelda, og svar på desse spørsmåla:

  1. Kva slags kjelde er dette? Primær eller sekundær?
  2. Kva slags brev er dette?
  3. Kven skreiv det, og til kven?
  4. Når vart rapporten skriven?
  5. Kva er fylkesmannen i Hedmark sin reaksjon på at dei norske jødane vart arresterte og sende ut av landet?
  6. Kvifor trur du fylkesmannen vart beden om å søkje avskjed?

Oppgåve 3 – Eit tolkingsspørsmål

No skal du prøve å sjå desse to kjeldene i ein større samanheng. Historikarar i Noreg er usamde om i kva grad Halldis Neegård Østbye og dei andre som hadde stor innverknad innan Nasjonal Samling (NS), visste kva som skjedde med dei norske jødane etter at dei vart sende til Tyskland. Dei som kan gi oss eit konkret svar på dette, lever ikkje lenger. Vi kan derfor berre gjette oss til det, ved å lese dei brev og fragment som fortida har etterlate oss. Det er altså eit spørsmål om tolking. Historikarane er ikkje samde om korleis akkurat desse to kjeldene de har studert i dag, skal tolkast.

To døme på tolking:

Historikar A meiner at kjelde 1 i si tid vart tolka feil. Spesielt legg han vekt på denne setninga: «Det er en selvfølge at den endelige løsning på jødeproblemet må gjennomføres uten sentimentalitet når det gjelder å sikre vårt eget folk, og Europa mot et nytt jødisk fremstøt.» Halldis Neegård Østbye nemner ikkje noko om likvidering av jødane, berre utvising frå Noreg og Europa. Historikar A meiner altså at Halldis Neegård Østbye ikkje visste kva som verkeleg skjedde med jødane etter at dei vart sende ut av Noreg. Han viser også til kjelde 2 for å bekrefte dette.

Historikar B er ikkje samd. Han meiner at kjelde 2 viser at det kan hende at dei lenger ned i NS-organisasjonen ikkje visste kva som verkeleg skjedde med dei utviste jødane. Men dette i seg sjølv er ikkje bevis nok for at Halldis Neegård Østbye ikkje visste noko. Vidare viser han til at ein må sjå den utheva teksten som historikar A viser til (side 3) i samanheng med mellom anna den utheva teksten på side 2: «Alt det øvrige kan vel foregå mer i stillhet, anbringelse av jøder i konsentrasjonsleire osv. Uten offisielle forordringer» og den utheva teksten på side 4: «Det er som med dyrene. De skal drepes raskt og smertefritt. Ikke seigpines. Det bør vel også gjelde jødene.» Historikar B meiner at dette heilt klart viser til at ho visste kva som skjedde med dei norske jødane etter at dei vart utviste frå Noreg.

Kva er di tolking? Svar på desse spørsmåla:

  1. Trur du Halldis Neegård Østbye visste om den endelege lagnaden for jødane i dei tyske konsentrasjonsleirane? Grunngi svaret.
  2. Trur du fylkesmannen visste kva som skjedde med dei norske jødane? Kvifor? / Kvifor ikkje?

Gratulerer med eit vel gjennomført kurs i kjeldekritikk!

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale