Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Familien ScharffChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Familien Scharff

Under andre verdskrigen skjedde det som vi i dag kjenner som holocaust eller jødeutryddingane. I denne oppgåva følgjer vi den jødiske familien Scharff frå Hønefoss og historia deira med utgangspunkt i dei kjeldene som finst ved Statsarkivet i Kongsberg.

Utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau 1945
Mange norske jødar vart sende til utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau.

Kva fortel kjeldene om familien Scharff?

  1. Spørjeskjema for jødar frå Ringerike politikammer
    I februar 1942 sende tryggingspolitiet ut eit rundskriv til alle politimeistrar i landet om at alle jødar skulle fylle ut eit spørjeskjema som skulle sendast tilbake så snart som mogleg. Skjemaet inneheldt spørsmål om familietilhøve, religion, arbeidstilhøve og kva verdiar dei eigde.
  2. Dødsfallsprotokoll frå Ringerike sorenskrivarkontor
    I dødsfallsprotokollen blir alle som døyr, registrerte med dødsdato og -stad, arvingar og om dei etterlèt seg nokre verdiar.
  3. Bok: Våre falne, bind 4
    Våre falne er eit firebands bokverk med biografiar om alle nordmenn som døydde under andre verdskrigen. Verket vart gitt ut av Den norske stat nokre år etter frigjeringa.

Omgrep

Ei primærkjelde er ei førstehandskjelde, sjølve originalkjelda frå ei hending. Ho har komme til som eit ledd i den hendinga ho skildrar, eller ho er laga av nokon som var med da hendinga fann stad. Det kan vere eit brev, ein protokoll eller eit bilete.

Ei sekundærkjelde byggjer på andre kjelder ved at ho viser til eller byggjer på primærkjelda. Ho inneber ei tolking av andre kjelder. Historiebøkene i skulen er døme på sekundærkjelder.

Oppgåve 1

Kjelde oppgåve 1

Spørreskjema for jøder fra Ringerike politikammer. Statsarkivet i Kongsberg.
Spørjeskjema for jødar frå Ringerike politikammer. Klikk på biletet og bruk lupa for å lese teksten.
  1. Kor er skjemaet Spørjeskjema for jødar frå Ringerike politikammer fylt ut, og når?
  2. Kan du seie ut frå kjelda kor gammal Alexander Scharff var da dette skjemaet vart fylt ut?
  3. Kor budde han?
  4. Kva religion høyrde han til?
  5. Kven var han gift med, og kor mange barn hadde han?
  6. Kva trur du dette skjemaet skulle brukast til?

Oppgåve 2

Kjelde oppgåve 2

Dødsfallsprotokoll fra Ringerike sorenskriverkontor. Statsarkivet i Kongsberg.
Dødsfallsprotokoll frå Ringerike sorenskrivarkontor. Klikk på biletet og bruk lupa for å lese teksten.
  1. Kva kan du lese om Alexander og Jacob Scharff ut frå kjelda Dødsfallsprotokoll frå Ringerike sorenskrivarkontor?
  2. Fortel kjelda når dei døde? Kvifor? / Kvifor ikkje?

Oppgåve 3

Kjelde oppgåve 3

Våre falne bind 4

  1. Fortel kjelda Våre falne, bind 4 noko om når Alexander Scharff døydde?
  2. Kven var Idar og Bjørn Scharff, og kor gamle var dei?
  3. Er dette ei primær- eller ei sekundærkjelde?
  4. Kan du finne ut av kjeldene i dette heftet kva medlemmer av familien Scharff som overlevde krigen?

Til fordjuping

Les meir på nettsidene til Statsarkivet i Kongsberg:

Familien Scharff

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale