Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Bomberegn over RjukanChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Bomberegn over Rjukan

I denne oppgåva skal vi se nærare på korleis dei allierte sin kamp mot tysk tungtvassproduksjon på Rjukan ramma eit heilt lokalsamfunn.

Sabotasjen mot tungtvannsfabrikken på Vemork ved Rjukan fant sted natt til 28 februar 1943. Produksjonen av tungtvann var av stor betydning for de tyske forsøk på å framstille atomvåpen. Her et bilde av fabrikken etter sabotasjen.
Tungtvassfabrikken på Vemork ved Rjukan i 1943. Produksjonen av tungtvatn var svært viktig for dei tyske forsøka på å framstille atomvåpen.

Amerikanarane bombar Vemork

Den 16. november 1943 drønna 155 tunge amerikanske bombefly over det norske fjellandskapet med kurs mot Rjukan. Åtaket skulle ramme den tyske , men resultatet vart også ein katastrofe for samfunnet inst i Vestfjorddalen.

Nærare tusen bombar vart sleppte frå 12 000 fots høgd, ikkje berre over Vemork kraftstasjon og elektrolysefabrikken, men også over nitrogenfabrikken til Norsk Hydro, som produserte kunstgjødsel til det norske landbruket. Dessutan vart bustadhus ramma, og 21 sivile nordmenn vart drepne.

Det høyrer med til historia at bombeåtaket vart planlagt og gjennomført utan at norske styresmakter var informerte, og dette leidde til sterk kritikk frå den norske eksilregjeringa i etterkant. Denne konflikten mellom nordmennene og dei allierte, mellom omsynet til sivilbefolkning og effektiv krigføring, var til stades heilt til krigen var slutt.

(Referanse: Statsarkivet i Kongsberg: Dokumentene forteller. Skriftserie 26. Riksarkivaren 2006, s. 52)

Oppgåve

Kjelder

Vaktjournal Rjukan

Filer

Rjukan – namneliste

Filer

  1. Kva kan du finne ut om bombinga av Rjukan ved å lese dei vedlagde kjeldene?
    – Kva skjedde?
    – Kor mange omkom, og kven var dei?
  2. Kvifor var det viktig for dei allierte å ramme tungtvassproduksjonen til tyskarane? Bruk fleire kjelder, også sekundærkjelder, for å finne svar på dette spørsmålet.
  3. Kva følgjer trur du denne bombinga fekk for eit lite lokalsamfunn som Rjukan?
  4. Kva følgjer fekk bombinga for forholdet mellom den norske eksilregjeringa og dei allierte?

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale