Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Okkupasjon og motstandChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Okkupasjon og motstand

Etter at Tyskland invaderte Noreg i april 1940, vart det snart klart at mange nordmenn ikkje hadde tenkt å gje opp kampen mot inntrengjarane. Motstandsrørsla, ofte kalla «Heimefronten», er ei sams nemning på alle dei som tok opp kampen mot nazismen.

Norske hjemmestyrker nder ledelse av Terje Rollem,overtar Akershus Festning fra den tyske komandanten Major Nichterlein og hans adjutant Hauptmann Hamel 11.mai 1945.
Norske heimestyrkar, under leiing av Terje Rollem, tek over Akershus festning frå den tyske kommandanten Major Nichterlein og adjutanten hans Hauptmann Hamel 11. mai 1945. Dette biletet hadde fast plass i alle norske klasserom i etterkrigstida.

Det var mange måtar å kjempe på: Nokre dreiv haldningskamp, andre ytte sivil eller militær motstand.

Sivil motstand

Haldningskampen, det at folk viste nazistane at dei ikkje støtta dei og ikkje ønskte dei i Noreg, var ein føresetnad for all annan motstand. Han byrja allereie med at kongen og regjeringa nekta å godta krava frå nazistane i april 1940. At kongen svarte eit klart nei allereie da, gjorde det lettare for nordmenn å stille seg bak han og danne ein brei front mot fienden.

En binders på jakkeslaget var symbol på samhold under 2. verdenskrig.
Ein binders på jakkeslaget var symbol på samhald under 2. verdskrigen.

Det var forskjellige måtar å vise nazistane at dei var uønskte på: Til og med barn kunne drive haldningskamp ved å skrible på veggar, gå med raud topplue, gå med binders i jakkeslaget (som symboliserte norsk samhald) eller ved ikkje å vere høflege mot tyskarane.

Andre døme på sivil motstand var at prestar og lærarar nekta å halde fram i jobbane sine under lovene til nazistane, og at mange foreldre lét vere å sende barna sine på skulen.

Nordahl Grieg les diktet 17. mai 1940

0:00
Nordahl Grieg les sitt eige dikt på Tromsø radio 17. mai 1940. På dette tidspunktet var Tromsø radio den einaste frie radiostasjonen i Noreg.

Illegal informasjonsformidling

illegal radiolytting under okkupasjonen. Foto.
Illegal radiolytting

At noko var illegalt under andre verdskrigen, vil seie at det ikkje var lovleg etter lovene til nazistane, altså var det kriminelt.

For å halde haldningskampen i live var det viktig at folk fekk informasjon. Noko av det første nazistane gjorde, var nemleg å ta over NRK (som på den tida berre sende radio, TV kom ikkje til Noreg før i 1960) og sensurere alle aviser, slik at nordmenn ikkje skulle få annan informasjon enn den nazistane ønskte at dei skulle få.

Frå London

Stemma frå London

0:00
Stemma frå London

Dei norske radiosendingane frå London formidla informasjon om den militære situasjonen sett frå dei allierte si side.

For å hindre at folk høyrde på radio frå andre, frie land måtte alle som hadde radio, levere dei inn til okkupasjonsmakta. Å gøyme bort ein radio, hengje opp plakatar eller å trykkje og dele ut illegale aviser var noko meir enn berre ei haldning: Det var eit klart brott på lovene til nazistane, og kan definerast som sivil motstand.

SIVORG

Etter kvart vart noko av den sivile motstanden organisert i ei gruppe som vart oppretta av den norske regjeringa og heimefrontleiinga i London, og som vart kalla SIVORG. Denne sivile organisasjonen hjelpte mellom anna folk med å flykte til Sverige ved å skaffe dei falske pass og ordne transport for dei, dei ordna med lokale og utstyr og folk til trykking av illegale aviser, dei formidla viktige beskjedar frå leiinga i London, dei sørgde for familiane til dei som sat i fengsel eller vart drepne av nazistane, og dei førte oversikt over dei nordmennene som valde feil side: dei som var medlemmar av NS eller på andre måtar samarbeidde med okkupasjonsmakta.

Det var farleg å gjere motstand mot nazistane, og mange vart fengsla eller sende i fangeleirar som straff for den sivile motstanden sin. Nazistane hadde også eit anna føremål enn straff når dei fengsla og torturerte og avretta folk: Regimet deira var basert på frykt, og om folk ikkje retta seg etter dei, så prøvde nazistane å skremme dei til å lyde. Eit av dei sterkaste «våpna» dei brukte for å skape og spreie frykt, var GESTAPO, den mest brutale politiavdelinga i SIPO, tryggingspolitiet til nazistane.

Osvald-gruppa

Sjølv om GESTAPO alltid var på vakt mot, og slo hardt ned på, sivil motstand, var dei som ytte militær motstand dei aller mest hata fiendane. Det var fleire grupper som kan definerast som militære eller militante motstandsgrupper. Eit døme er den kommunistiske Osvald-gruppa som gjennomførte omtrent 200 sabotasjeoperasjonar i Noreg, ofte med støtte frå den norske regjeringa i London. Det var likevel berre den militære organisasjonen MILORG som vart fullt godkjend av regjeringa og lagd under Forsvarets overkommando i London.

Først i 2013 vart medlemmar av Osvald-gruppa dekorerte for innsatsen sin under andre verdskrigen.

MILORG

Gutta på skauen under andre verdenskrig. Foto.
«Gutta på skauen» tek hand om eit engelsk fallskjermslepp. Desse vart ofte varsla via særmeldingar.

MILORG var ikkje så militant som mange andre grupper. Det norske forsvaret og regjeringa var redde for å godkjenne valdelege aksjonar, fordi nazistane da svarte med represaliar. Det vil seie at dei hemna seg ved å straffe uskuldige sivile for det dei militære motstandsgruppene hadde gjort. Etter kvart vart også MILORG meir militant, og mot slutten av krigen stod organisasjonen bak fleire aksjonar som kravde mange menneskeliv.

Særmeldingar

0:00
Døme på koda særmelding

Gestapo og MILORG var dei verste fiendane for kvarandre. Gestapo hadde hovudkvarter med spesialtrente styrkar i alle dei store byane: Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger/Kristiansand, og i Oslo. Desse hovudkvartera skulle bli assosierte med tortur og død og frykt for alle som sette seg imot regimet til okkupantane.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale