Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Noreg blir invadertChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Noreg blir invadert

I Oscarsborg vaktjournal kan du lese kva som skjedde da tyskarane invaderte Oslo 9. april 1940, minutt for minutt. Denne kjelda er både ei beretning om og ei leivning frå 9. april 1940.Før du svarer på oppgåvene nedanfor, bør du lese fagartiklane Krigen kjem til Noreg og Kva er ei historisk kjelde?

Vaktprotokoll fra Oscarborg
Vaktjournal frå Oscarsborg 9. april 1940, s. 2 og 3.

Studer ei historisk kjelde

Oppgave 1: Oscarsborg angrip!

s 1 vaktprotokollen fra Oscarsborg 9. april 1940
Vaktprotokoll Oscarsborg side 1. Sidene 2 og 3 er avbilda øvst på denne sida.

Kjelda du no skal studere, er eit ekte stykke norsk historie. Ho er unik, sjølv om ho kanskje ikkje ser slik ut ved første augnekast. Det er ein heilt vanleg tynn, liten protokoll. Protokollen er vaktjournalen til Oscarsborg festning. Det er innhaldet som gjer han så unik. Spesielt gjeld det dei siste skrivne sidene. Han vart nemleg skriven samanhengande før og under den tyske invasjonen i Norge 9. april 1940.

Kjelde

Studer kjelda Rapport fra Oscarsborg hovedvakt 8-9/4-40.Sjå nøye på originaldokumentet (primærkjelda) slik at du får eit skikkeleg inntrykk av det.Dersom du har problem med å tyde handskrifta i vaktjournalen, kan du studere han i maskinskriven/transkribert versjon av originaldokumentet.

Filer

Protokollen fortel om søkkinga av den tyske kryssaren Blücher, og det er kva vakta sjølv observerte som er skrive ned. Opplysningane vart altså noterte mens det heile skjedde, av ein person som sat midt oppi åtaket!

Dette er altså ei augevitneskildring og ei førstehandsberetning. Ho fortel kva som hende, og er skriven av ein som såg det sjølv. Men dokumentet har også ei ikkje-berettande side: Det er ein rest, det vil si ei leivning, frå fortida. Berre ved å sjå på dokumentet, kan du danne deg eit bilete av situasjonen det vart skrive i, og kanskje noko om personen som skreiv det?

Svar på spørsmåla:

  1. Kva slags protokoll er dette?
  2. Når (kva dag og år) vart desse opplysningane skrivne ned?
  3. Kva skjedde denne morgonen? Gi ei kort forklaring.
  4. Kor lang tid tok det frå forsvaret av Oscarsborg festning starta til det framande skipet sokk?
  5. Etter at skipet sokk, vart Oscarsborg framleis angripe – men frå kva kant, trur du?
  6. Er dette ei primærkjelde eller ei sekundærkjelde?
  7. Studer originaldokumentet. På kva måte er protokollen ei beretning, og på kva måte er den ei leivning?
  8. Kvifor er denne protokollen og opplysningane han gir oss, så spesiell samanlikna med andre vaktprotokollar, trur du?

Oppgave 2: Refleksjon rundt invasjonen


Kilder

Rapport fra Oscarsborg hovedvakt 8-9/4-40

Filer

Fotografi frå NTBs krigsarkiv:

Søkkinga av Blücher 9. april 1940

  1. Du er journalist og har fått i oppgåve å lage ein avisartikkel om kva som verkeleg skjedde om morgonen 9. april 1940. Teksten må vere kort (maks. 600 ord) og faktabasert. Pass på å få med deg dei viktigaste hendingane.
    Bruk desse kjeldene:
    • fagartikkelen Krigen kjem til Noreg
    • Oscarsborg vaktjournal
    • fotografi frå NTBs krigsarkiv
  2. Kva slags kjelde er bilda frå NTBs krigsarkiv? Er det primær- eller sekundærkjelder?
  3. Kva med avisartikkelen din? Er den ei primær- eller ei sekundærkjelde? Grunngi svaret.
  4. Avisartikkelen du har skrive, er ei beretning. Han fortel kva som skjedde 9. april 1940. Sjå no på det du har skrive ein gong til. Kan beretninga di seie noko om deg og den tida du lever i? Er ho ei leivning? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale