Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Krigen kjem til NoregChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Krigen kjem til Noreg

Våren 1940 var Hitler-Tyskland i gang med den militære offensiven sin. Strategisk var Noreg med den langstrakte kysten eit attraktivt mål, og Hitlers plan var derfor å invadere Noreg sjøvegen frå Oslo til Narvik. Ein rekna med at Noreg ville overgje seg utan for stor motstand.

Grafikk: Senket Blücher og reddet kongen og regjeringen
Klikk på biletet for å sjå ein større pdf-versjon av det som skjedde natt til 9. april 1940.

Oppdraget til kryssaren Blücher var, saman med seks andre marinefartøy, å innta Oslo og ta regjeringa og den norske kongefamilien til fange. Om bord på skipet var fleire tyske nøkkelpersonar som skulle overta viktige funksjonar i hovudstaden. Det var 1400 mann om bord.

Oscarsborg festning gjer motstand

På Oscarsborg festning i Drøbaksundet var dei vortne varsla om dei framande skipa. Men det var framleis utklart om skipet var vener eller fiendar. Oscarsborg var dårleg bemanna med utrente soldatar som berre hadde vore stasjonerte der i to veker. Dei hadde enno ikkje hatt skytetrening. Berre to av dei tunge kanonane vart gjorde klare til kamp.

Øvstkommanderande på Oscarsborg var Birger Eriksen. Han hadde ingen kontakt med dei overordna i Oslo, og måtte dermed sjølv ta avgjerda om dei skulle gå til åtak på dei framande skipa eller late vere. Han bestemte seg for å gå til åtak. Oscarsborg fyrte av to skott mot styrbord sida på Blücher, og skipet vart sett i brann.

Blücher blir søkkt

Det tyske krigsskipet Blücher senkes i Oslofjorden 9. april 1940.
Det tyske krigsskipet Blücher blir søkkt i Oslofjorden 9. april 1940.

På motsett side av sundet byrja også kanonbatteriet på Kopås å avfyre skott, og Blücher hamna dermed i ein krysseld. Men det heldt fram med å seile sakte innover fjorden. Oscarsborg skaut to torpedoar mot skipet, begge traff, og skipet byrja å søkke.

Soldatane om bord på Blücher hoppa i vatnet med full oppakking. Det var berre 2 gradar i vatnet denne morgonen, og det gjorde det svært vanskeleg for dei å symje. Over 600 tyske soldatar døydde. Mange av dei er gravlagde på den tyske gravlunden ved Alfaset. Skipet sokk 3 km nord for Askholmene. Det ligg i dag på rundt 90 meters djup og lek framleis olje.

Kongen og regjeringa flyktar

Etter at Blücher sokk, vart Oscarsborg angripen av tyske bombefly. Tyskarane klarte snart å kjempe ned all norsk motstand, og rykte inn i Oslo. Men takka vere forsvaret på Oscarsborg vart slagplanen til Hitler utsett med eitt døgn. Dermed klarte kongefamilien og den norske regjeringa å flykte nordover i landet og derfra vidare til tryggleik il England og USA.

Kong Haakon VII og kronprins Olav (t.v.) under flukten nordover. Kongen og kronprinsen med følge løper her mot skogen for å søke dekning for det tyske flyangrepet på Nybergsund 11. april 1940.
Kong Haakon VII og kronprins Olav (t.v.) under flukta nordover. Kongen og kronprinsen med følgje spring her mot skogen for å søkje dekning for det tyske flyåtaket på Nybergsund 11. april 1940.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale