Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Økonomisk kollaborasjonChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Økonomisk kollaborasjon

Alle som budde i Noreg under okkupasjonen, måtte på ein eller annan måte innrette seg etter okkupasjonsstyret. Berre heilt unntaksvis kan ein tenkje seg at null samarbeid var mogleg. Men kor gjekk grensene for kva som var akseptabelt og ikkje?

anleggsvirksomhet Kjevik flyplass
Kjevik flyplass var ei av mange anleggsverksemder der nordmenn utførte oppdrag for den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen.

Byggebransjen under press

Byggjebransjen fann seg sjølv i ein krysseld mellom interesser, behov, forventningar, press og krav frå ulike grupper. Firma som ikkje ønskte å samarbeide med tyskarane i det heile teke, måtte leggje ned.

Rettsoppgjeret etter frigjeringa resulterte i ein del dommar for økonomisk landssvik, men mange reagerte på dei mange frifinningane og på at mange av dei som faktisk vart dømde, berre fekk symbolske straffer.

Omgrep

Kollaborasjon tyder samarbeid eller samverke. Når ein fiendtlig hær tek kontroll over ein annan stat eller eit landområde, kallar vi det militær okkupasjon. Ifølgje folkeretten skal ein okkupant respektere lovene i landet. Befolkninga på si side har ei viss plikt til å vere lydige overfor okkupanten. (Kjelde: Store norske leksikon)

Bakgrunnsoppgåver

Oppgåve 1

Bruk Internett eller eit krigsleksikon til å finne ut:

  1. Kva var OT?
  2. Kva tyder omgrepet «Brakkebaron»?

Oppgåve 2

Lag eit tankekart som viser

  • tydinga av «tyskararbeid»
  • grunnar til «tyskararbeid»
  • konsekvensar av «tyskararbeid»

Kjeldeoppgåve

Oppgåve 1

Bruk den historiske kjelda Fem fotografi av bygginga av Kjevik flyplass.

Kjelde til oppgåve 1

Fem fotografi av bygginga av Kjevik flyplass.

Anleggsvirksomhet på Kjevik flyplass
Historisk bilete Kjevik 1. Du kan klikke på bileta for å sjå dei i større versjon.
anleggsvirksomhet på Kjevik flyplass
Historisk bilete Kjevik 2
anleggsvirksomhet på Kjevik flyplass
Historisk bilete Kjevik 3
anleggsvirksomhet på Kjevik flyplass
Historisk bilete Kjevik 4

Det siste biletet frå Kjevik finn du øvst på sida.

  1. Beskriv nøyaktig kva du ser på kvart av fotografia (utan å gjette).
  2. Kva meiner du skjer på desse fotografia?
  3. Når omtrent kan bileta vere tekne?
  4. Poserer personane på bileta, eller er det ikkje-poserte bilete?
  5. Kva veit du allereie om hendingar som kan knyttast til dei fire bileta?
  6. Kva andre kjelder kan du bruke for å kontrollere svara dine på spørsmåla a, b og c?
  7. Kva spørsmål har desse bileta reist som du gjerne vil ha svar på?

Oppgåve 2

Diskuter i klassa:

  • Er eit fotografi ei objektiv avbilding av røyndommen?
  • Kan vi stole på fotografiet som historisk kjelde?

Oppgåve 3

Bruk Fire rapportar og eit rundskriv om anleggsverksemd som kjelde.

  1. Kva handlar desse dokumenta om?
  2. Kven vender dei seg til?
  3. Kvifor er dei blitt til?
  4. Kven har fylt dei ut?
  5. Når er dei frå?
  6. Kan desse kjeldene, i tillegg til å gi opplysningar om opphavssituasjonen, brukast til å seie noko om sjølve anleggsverksemda på Kjevik flyplass?

Oppgåve 4

Studer den historiske kjelda (seks sider).

  1. Kva heitte dei to firmaa som tiltalte dreiv under krigen?
  2. Kva slags type arbeid var det firmaa utførte, og for kven?
  3. Omtrent kor mykje var det dei to firmaa omsette for til saman? Bruk Noregs Banks priskalkulator for å finne ut kor mykje dette svarar til i dagens pengeverdi.
  4. Retten skulle ta stilling til om firmaet hadde hatt eit «utilbørlig» forhold til tyskarane under krigen. Kva innebar det?
  5. Kva kriterium lèt til å ha gjort utslaget for vurdering av skuldspørsmålet i denne økonomiske landssvikssaka?
  6. Kva refleksjonar gjer du deg om dette? Synest du dommen var rettferdig?
  7. Diskuter moglege årsaker til at mange liknande saker faktisk vart lagde bort.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale