Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. EmigrasjonChevronRight
  5. Brevet frå AmerikaChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Brevet frå Amerika

I perioden 1836–1915 utvandra over 750 000 nordmenn til Amerika. Breva dei sende heim, er i dag viktige kjelder når vi skal få innsikt i kvifor dei drog, kva kår dei levde under, og kva for lagnad dei fekk.

Konvolutt med namn og adresse. Faksimile.
Brevet Alfred Abrahamsen mottok frå venen Ole Olsen i 1906. Ole og Alfred arbeidde saman som sagbruksarbeidarar i California i tre år.

Arbeidsvandrarar

Den første bølgja av arbeidsvandrarar på 1800-talet var i hovudsak gardbrukarar på jakt etter nytt jordbruksland. Dei som drog på 1900-talet, var på jakt etter godt betalt arbeid. Blant dei var det nok også nokre eventyrarar som ønskte å sjå seg om i verda. Dei ulike fasane i den norske arbeidsvandringa til Amerika blir blant anna dokumentert av brev og postkort sende frå Amerika til familien Abrahamsen på Andabeløy i perioden 1880 til 1933. Andabeløy ligg rett aust for Hidra i Flekkefjord kommune i Vest-Agder.

Oppgåve 1

Abraham Augustinusen blir fødd i 1842 og døyr i 1935. Han dreg ikkje sjølv til Amerika, men det gjer venen Tønnes Andreas Jakobsen. 17. desember 1880 sender Tønnes Andreas Jakobsen eit brev til venen sin Abraham Augustinusen på Andabeløy der han fortel om livet i Amerika.

Kilde:

Filer

  1. I kva for ein delstat i USA har Tønnes fått seg nytt land?
  2. Kor mykje jord har han fått i det nye landet?
  3. Korleis skildrar han livssituasjonen sin i forhold til slik han hadde det i Noreg?
  4. Kor mange barn har han fått etter at han drog til Amerika, og kor mange av desse er i live?
  5. Tønnes er oppteken av at det har vore eit godt sildefiske i Flekkefjord. Korleis har han fått greie på det?
Lars Alfred Abrahamsen sitter sammen med arbeidslaget sitt på en kjempestor trestokk. Fotografi.
Redwoodtrea i California var kjempestore. Her sit Lars Alfred Abrahamsen frå Andabeløy til venstre for mannen som tronar øvst på trestokken.

Oppgåve 2

Lars Alfred Abrahamsen (f. 1879 og d. 1966) er son av Abraham Augustinusen. I 1902 dreg han som matros med Hvide stjerne til San Francisco. I 1906 flytter han tilbake til Noreg. I folketeljingane frå 1910 står han oppført med yrket «gardbrukar og fiskar».

Kjelder:

Filer


  1. Alfred får jobb som sagbruksarbeidar i Scotia i California. Søk på Internett etter informasjon om Scotia. Kvar ligg denne staden, og når vart byen grunnlagd?
  2. Når fekk byen jernbanesamband?
  3. Søk etter informasjon om Scotia sawmill (sagbruk). Når vart sagbruka i Scotia etablerte, og kva slags tømmer vart levert til desse sagbruka?
  4. Kvifor var det behov for mykje tømmer i California nettopp på denne tida?
  5. Studer det brevet Alfred sender til foreldra 20.desember 1904. Han fortel at han har vore ute for ei ulykke. Kva slags skadar har han fått?
  6. Kor mange pengar sender han heim denne jula?
  7. Studer det brevet Alfred sender til foreldra sine 5. februar 1905. Han spøker med at han er vorten så godt kjend på hospitalet (sjukehuset). Kva er grunnen til det?
Tre voksne og to born i eit gammalt sagbruk. Fotografi.
Alfred sin ven, Ole Olsen Undhammer, fotografert på sagbruket. Her sit han i kvit skjorte midt på biletet.

Oppgåve 3

I 1906 er Alfred Abrahamsen tilbake i Norge. Han får et brev fra vennen Ole Olsen som fremdeles bor i Amerika.

Kjelde:

Filer

Døme på digital forteljing:

Nanna Broch og Østkantutstillingen

  • Les brevet nøye.
  • Lag deretter ei digital forteljing om livet i Amerika der forteljarstemma tilhøyrer Ole Olsen. Forteljinga kan bestå av stillbilete og lyd, eller av stillbilete og tekst i form av «snakkebobler».

Oppgåve 4

I 1907 får Alfred sonen Arthur G. Abrahamsen. 14. april 1925 reiser Arthur til USA. Då er han 18 år gammal. Som grunn for at han ønskjer å emigrere, skriv han «liten arbeidsforteneste». Arthur var, ifølgje bror sin, både dyktig og sympatisk, og han greidde derfor lett å skaffe seg jobbar i USA, sjølv i dei tunge depresjonsåra.

Kjelder:

Filer

  1. I USA er «Black Tuesday» eit kjent omgrep. Kva skjedde på denne dagen i 1929?
  2. Kvifor trur du det var vanskeleg å skaffe seg arbeid i New York i 1933?
  3. Studer brevet som Arthur Abrahamsen sender til mor si 25. mars 1933. Korleis liker han seg i Amerika, og kva framtidsplanar har han?
  4. I mai 1933 får familien eit brev frå politimeisteren i Kingburg i California. Kva har hendt med Arthur?

Læringsressursar

Emigrasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale