Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. EmigrasjonChevronRight
  5. Brevet frå AmsterdamChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Brevet frå Amsterdam

I 1600- og 1700-åra reiste mange norske ungdommar utanlands for å skaffe seg eit levebrød. Utvandringa hadde eit særleg stort omfang i bygdene vest for Kristiansand, med Amsterdam og andre byar i Nederland som fremste reisemål.

Mennesker og skip ved en hollandsk kanal. Maleri.
Måleriet av Hendrick Avercamp viser kvardagslivet ved ein hollandsk kanal på 1600-talet.



Barn og voksne i festlig lag. Maleri.
Det lystige livet i Amsterdam kunne nok verke forlokkande på fattige og gudfryktige nordmenn. Biletet «Helligetrekongersfest» vart måla av Jan Steen i tidsrommet 1660–1670. Klikk på biletet for å sjå ein større versjon.

Oppgåve 1

På 1600-talet var lese- og skrivekunne lite utbreidd blant vanlege folk. I samlinga av private gardsarkiv ved Statsarkivet i Kristiansand finst likevel einskilde brev frå utvandra nordmenn i Holland til slektningar heime.

Før du svarer på spørsmåla i denne oppgåva, må du lese dei relaterte artiklane.

  1. Republikken «Dei foreinte Nederlanda» (Nederland) lausreiv seg frå spansk herredømme i 1581, og hadde stordomstida si midt på 1600-talet. Kva prega denne tidsperioden i Nederland, og kvar kom velstanden frå?
  2. Kva var grunnen til at mange norske ungdommar drog til Nederland på 1600- og 1700-talet?
  3. Kvifor trur du det var spesielt mange unge frå Vest-Agder som drog dit?
  4. Kor mykje kunne ei tenestejente tene i året i Nederland på denne tida?
  5. I brevet frå Amsterdam skriv Kristen Steffensen at han sender to pund tobakk til mora og ein tobakksdåse til svogeren. Mora får også ein riksdalar og ein slettdalar. Kva var det historiske opphavet til riksdalaren, og kva vart kalla for ein «slettdalar» på folkemunne? Søk på Internett etter informasjon.
  6. Kristen Steffensen vende aldri attende for å overta garden i Hallandvik. Som så mange andre nordmenn fann han seg ei kone i Amsterdam. Om lag kor mange nordmenn gifte seg i Nederland på 1600- og 1700-talet?
skip ved Kapp det gode håp. Maleri.
Skip frå Det hollandske austindiske kompani kjem til Kapp det gode håp, 1652.

Oppgåve 2

Mange av spora vi har etter arbeidsvandrarane som drog frå Noreg til Nederland på 1600- og 1700-talet, er tingsvitne som stadfester at vedkommande er død, og at arven skal tilfalle slektningar i Noreg. Eitt slikt tingsvitne finn vi i Lister tingbok 54, fol. 272b. Studer denne kjelda nøye.

  1. Når drog Askild Gundersen til Nederland, og kva for eit namn tok han der?
  2. Mange norske gutar vart hyra av Vereenigde Oostindische Compagnie (VOC), Det nederlandsk-ostindiske handelskompani. Kva for område var det som gjekk under nemninga «Aust-India»?
  3. Kvifor var det lett for nordmenn å få hyre i VOC, og kvifor var dette ein risikabel jobb?
  4. Matros Askild Gundersen døydde på seglas med skipet Goud Schalchx oord. Kor stor del av dei norske sjøfolka som arbeidde for VOC, døydde i teneste?
  5. Kvar budde familien til Askild Gundersen på det tidspunktet tingretten vart halden?
  6. Askild Gundersen etterlét seg mor, ei søster, og seks halvsøsken. Kvifor var det stefaren, og ikkje mora Dordi Askildsdatter, som kravde arven etter han i tingretten?

Læringsressursar

Emigrasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale