Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. EmigrasjonChevronRight
  5. Barnevandringane på AgderChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Barnevandringane på Agder

På 1800-talet var nauda stor i dei indre bygdene i Vest-Agder. Gardane var små, og foreldra greidde ikkje å brødfø barneflokkane. Barn heilt ned i sju–åtteårsalderen vart sende austover til Birkenes eller Grimstad for å tene i sommarhalvåret. Her arbeidde dei som gjetarar, fjøsjenter og drengar.

Gjetergutt med kyrne sine. Maleri.
Gjetargut med kyrne sine. Måleri av Christian Skredsvig frå 1887.

Oppgåve 1

Filer

Barnearbeid i Noreg

FN-sambandet si temaside om barnearbeid

Oppgåve 1

  1. «Faredagen» var tidlegare ein viktig dato, både på hausten og våren. Finn ut kva omgrepet tyder, og kva datoar som er «faredagar».
  2. Studer skuleprotokollen frå Laudal skole for åra 1866–1868. Kor mange barn møtte ikkje opp til eksamen ved skuleslutt?
  3. Kva kan grunnen vere til at barna var fråverande?
  4. Les fagartikkelen «Barnearbeid i Norge». Kva lover gjaldt for barnearbeid i Noreg på 1800-talet?
  5. Kva seier arbeidsmiljølova om barnearbeid i Noreg i dag?
  6. Studer FN-sambandet si temaside om barnearbeid. Kor stort omfang har barnearbeid i vår tid, og kva kan grunnen vere til at barn heilt ned i sjuårsalderen framleis er i arbeid?

Oppgåve 2

Barnevandring

0:00
Barnevandring

I dette amatøropptaket fortel Birger Gauslaa (fødd i 1903) om barnevandrarane. Han vaks opp i Vestre Moland utanfor Lillesand. Opptaket vart gjort av Hartvig Danevig i 1970.

Forteljingane om barnevandrarane har levd på folkemunne i Agder i hundre år. Lytt til opptaket der Birger Gauslaa fortel om barnevandrarane.

  1. Kva meiner informanten er grunnen til at barna kom vandrande den lange vegen frå bygdene i vest?
  2. Kva hadde dei med seg?
  3. Kva slags mat fekk gjetargutane der dei var i teneste?
  4. Kvifor trur du det var nødvendig med gjetarar på 1800-talet?
  5. Blant dei aller eldste finst det framleis nokre som har vore gjetargutar og gjetarjenter i barndommen. Be ein eldre familiemedlem, eller ein annan eldre person som du kjenner, fortelje om korleis det var å gjete. Skriv ned forteljinga og presenter den for resten av klassen.



Oppgåve 3

Filer

Barnevandrarane set spor i arkiva

Aftenposten 8. sept. 2015: Enslige barn på 10 år søker asyl

  1. Studer skuleprotokollen frå Vigmostad i 1878. Kva fortel denne protokollen om skulejenta Karen Oline Sørensdatter (alder, karakterar, fråvære, årsak til fråvære)?
  2. Lag eit fiktivt intervju med Karen Oline der ho fortel om det som skjedde våren 1878.
  3. I vår tid kjem mange einslege mindreårige til landet vårt. Bak seg har dei ei strabasiøs og farleg reise. Les intervjuet med 12-åringen Adnan frå Afghanistan. Kva for likskapar finn du mellom historia til Adnan og historia til Karen Oline?

Læringsressursar

Emigrasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale