Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. EmigrasjonChevronRight
  5. ArbeidsvandringaneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeidsvandringane

Store menneskemengder er på vandring i Europa i dag. Mange kjem frå land prega av armod og naud. Dei søkjer arbeid og velstand for seg og sine, slik også nordmenn har gjort det i hundreår.

En familie tar avskjed med besteforeldre før avreise. Tegning.
Avskjedstimen kunne vere tung. Mange familiar såg kvarandre aldri att. Fargelitografi frå 1858 av Knud Bergslien og Adolph Tidemand.

På 1600- og 1700-talet reiste mange vestegder til Nederland for å skaffe seg arbeid. På 1800- og 1900-talet drog mange til Amerika. Mange barn frå Vest-Agder drog austover for å arbeide på storgardane der i sommarhalvåret.

Arbeidsvandringar i vår tid

Dei siste ti åra har Noreg opplevd ei massiv tilstrøyming av arbeidskraft. EU-utvidinga i 2004 førte til ein sterk vekst i arbeidsinnvandringa, og siden 2007 har det komme omkring 20–25 000 arbeidsinnvandrarar kvart år. Finanskrise, arbeidsløyse og låge lønningar har gjort at mange søkjer lykka i Noreg der arbeidsløysa har vore låg og lønningane høge. Den største gruppa kjem frå EU-landa i Aust-Europa, særleg Polen og Litauen. Mange kjem også frå nabolandet vårt, Sverige. Historisk er denne store arbeidsinnvandringa til Noreg eit nytt fenomen.

Egder på vandring

Tidlegare var det nordmennene som flytte for å skaffe seg arbeid. Noreg var fattig, og ofte måtte folk reise bort for å livberge seg og familien sin. I Vest-Agder var gardsbruka særleg små og jorda særdeles skrinn. Mange måtte derfor ut frå eiga bygd og eige område for å finne seg arbeid. Arbeidsvandringane vart eit typisk trekk ved historia i denne landsdelen.

På 16- og 1700-talet reiste mange til Nederland. På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet drog store delar av befolkninga frå Agder til Amerika. Ofte var det snakk om arbeidspendling, der ein var borte nokre år og heime nokre år.

Filmen Yohan barnevandrer er basert på forteljingar om barnevandringane frå indre Vest-Agder til storgardane rundt Grimstad.

Barnevandringane

Langt frå alle arbeidsvandringar gjekk utanlands. Frå Agder kjenner vi fenomenet «barnevandringane». Dette var store barneflokkar frå indre bygder i Vest-Agder som for 100–150 år sidan gjekk til dei rikare gardane på kysten lenger aust for å skaffe seg gjetararbeid i vår- og sommarhalvåret. Det finst mange forteljingar om desse fattige barbeinte barna som måtte forlate familie og skule for å vere gjetarar i skogane på Agder.

Læringsressursar

Emigrasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Barnevandringane på Agder

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Norske emigrantar i USA

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Gamle postkort frå Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Forskriftene til dei amerikanske indvandringslovene

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Brev fra Kristen Steffesen i Amsterdam 1698

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Lister tingbok 54, fol. 272b

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff