Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. EmigrasjonChevronRight
  5. Forskriftene til dei amerikanske indvandringsloveneChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Forskriftene til dei amerikanske indvandringslovene

Utsnitt av kilden Veiledning for utvandrere til Amerika. Ingressbilde.

I denne kjeldeoppgåva skal du studere kjelda «Veiledning for utvandrere til Amerika» og finne ut kva avgrensingar De Forenede Stater (USA) sette for innvandring på byrjinga av 1900-talet.

Oppgåve 1

Studer kjelda «Veiledning for utvandrere til Amerika».

  1. Kven er det som står bak dette oppslaget?
  2. Les dei første avsnitta. Kva er bakgrunnen for at denne informasjonen kjem på norsk?

Oppgåve 2

Sjå nærmare på utsnittet frå dei første avsnitta av kjelda.

  1. Les det som står under punkt 1. Kvifor trur du dei amerikanske innvandringsstyresmaktene ønskte å undersøkje innvandrarane?

  2. Les punkt 2. Kva må såkalla framande gjere om dei har opphalde seg i USA, men er reist utanlands?
  3. Finn ut kor Ellis Island ligg, og kva det vart brukt til.

Oppgåve 3

Studer avsnittet for punkt 5.

  1. Kva meiner dei med omgrepet «De utelukkede klasser»?
  2. Kven høyrde til denne klassen, ifølgje dei amerikanske innvandringslovene?
  3. Er det noko du spesielt reagerer på her? Kvifor? / Kvifor ikkje?
  4. Diskuter i klassen kvifor nokre vart hindra i å komme inn i USA. Forsøk å finne ut når dette lovverket vart innført, og kva slags reglar som gjeld for innvandring til USA i dag.

Oppgåve 4

a) I fagstoffet om Utvandringa til Amerika kunne du lese at det vanlege var at mannen reiste i førevegen, og at kone og barn kom etter på eit seinare tidspunkt. Kva minner dette deg om? Søk på nettet og finn ut kor mange som kjem til Noreg gjennom familiegjenforeining, og kva den norske regjeringas haldning til familiegjenforeining er.

b) Etter terroråtaket i Paris i januar 2016 sa fleire republikanske presidentkandidatar at dei vil hindre syriske flyktningar til USA. Les artikkelen Knallhard debatt kan stenge syriske flyktninger ute fra USA og diskuter følgjande:

  • ordbruken
  • sammanlikning med andre periodar i historia
  • haldninger til muslimar generelt

Læringsressursar

Emigrasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale