Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Noreg 1500–1800ChevronRight
  5. Næringslivet i Noreg 1500–1800ChevronRight
  6. TrelasthandelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trelasthandel

I løpet av 1500- og 1600-talet blei mykje av Noreg avskoga. Det gjaldt særleg langs kysten og langs elvane. Tømmeret blei felt for å møte den europeiske etterspørselen etter trevirke. Trevirket blei brukt til å byggje infrastruktur, mellom anna hamner og kanalar, for den veksande handelen.

Tømmerkjøring og merking av tømmer. Litografi.

Tømmeret kunne og vere til husbygging i dei veksande byane, til møblar i husa, til skip og mindre båtar og til kasser til å frakte alle varene som blei produserte. Norsk tømmer blei til og med brukt til likkister for den veksande europeiske befolkninga.

Tilgangen og marknadene

Arendal sett fra sjøsiden med havna med flere typer små og store båter. Litografi.
Mange byar voks fram ved munningane av tømmerfløytingselvar. Arendal blei ein av dei viktigaste eksporthamnene.

Dei første skriftlege kjeldene om norsk trelasteksport stammar frå 1200-talet. Men det er først frå 1500-talet at vi kan snakke om noko særleg omfang. Seinare blei det berre meir og meir. Nederland var hovudmarknaden i byrjinga av perioden. Nederlendarane kjøpte tømmeret direkte frå bøndene, særleg langs kysten på ruta til Bergen. Handelen førte til at vestlandskysten i praksis blei avskoga i løpet av 1500- og tidleg på 1600-talet.

Avskoginga langs vestlandskysten gjorde at handelen ikkje berre flytta austover, men òg innover i landet. Særleg det siste var avhengig av ei utvikling av meir organisert handel. Det voks fram ei gruppe mellommenn som skaffa tømmer frå innlandet for kjøparar i utlandet. Elveløpa spelte ei særleg viktig rolle, sidan tømmeret kunne fløytast ned elvane frå innlandet og ut til kysten. I mange tilfelle voks det fram byar ved munningane av nettopp slike tømmerfløytingselvar. Mellom anna Drammen, Fredrikstad, Larvik og Arendal var viktige eksporthamner.

Frå 1680-åra og fram til 1800 voks Storbritannia fram som den leiande økonomiske stormakta i Europa. Storbritannia tok òg over rolla som den viktigaste marknaden for norsk tømmer. Ein annan viktig tømmermarknad var Danmark, men då i hovudsak for tømmer av dårlegare kvalitet.

Tømmerhandelen

Tømmerhandelen på slutten av 1700-talet gjekk føre seg på denne måten: Ein representant frå kjøpmennene gjekk saman med bonden som åtte skogen. Om sommaren valde dei ut tre som skulle fellast. Bonden felte så trea på seinhausten. Om vinteren drog han stokkane over snøen til elva. Lenge var det også bonden som fløytte stokkane ned elva til eksporthamna. I siste del av 1700-talet var det derimot samanslutningar av kjøpmenn som organiserte fløytinga.

Fløytinga skjedde om våren og sommaren, medan det var godt med vatn i elva. Når kjøpmannen fekk tømmeret, sytte han for at det blei saga til bord eller andre trevarer på ei av dei privilegerte sagene (sjå tekstboks). Borda blei så tørka over vinteren og skipa ut våren etter. Heile prosessen frå treet blei merkt og til det kunne skipast ut, tok dermed mellom eitt og to år!

Sagbruk ved foss, Moss. Maleri.
Sagbruk ved Moss. Kven som fikk selje trelast til utlandet, blei avgrensa av «sagbruksprivilegiet».

Privilegium og makt

Kven som fekk selje trelast til utlandet, blei frå 1688 avgrensa av «sagbruksprivilegiet». I denne ordninga låg det at berre eigarar av ei av dei 700 sagene med «privilegium» (spesielt løyve) for å sage tømmer til eksport, fekk selje til utlandet. I praksis innebar sagbruksprivilegiet at det voks fram ei mektig gruppe handelsmenn som kontrollerte utanrikshandelen i byane. Som einaste salsledd for tømmer kom dei òg i ein maktposisjon overfor bøndene. Sagbruksprivilegiet blei halde oppe fram til siste halvdel av 1800-talet.

Skogen som næring for bøndene

For bøndene i skogsområda var arbeidet i skogen ei attåtnæring, det vil seie ei næring som dei kombinerte med gardsdrifta. Tømmerhogsten fungerte altså som ei ekstrainntekt ved sida av jordbruket. For bonden var dilemmaet at dersom han felte all skogen, ville det ta mange tiår før trea voks opp att. I denne perioden ville han ikkje få inntekter. Mykje tyder på at mange skogeigarar først og fremst tenkte på å hente ut eit stort utbytte med ein gong, snarare enn å tenkje på skogvern og planlagd uthogging. Særleg på slutten av 1700-talet var det òg mange som spekulerte i skogeigedom. Dei kjøpte då skogsområde, snauhogde dei for eksport, og så selde dei eigedommane vidare.

Inntekt av skogen

Ein studie av bøndene sine inntekter av tømmersal langs Glåma mellom 1789 og 1792 viser at dei i gjennomsnitt tente nok til å kjøpe mellom 21 og 25 tønner bygg i året. Dette var meir enn dei 20 tønnene ein i samtida meinte at ein familie med to vaksne, to barn og to tenestefolk måtte ha per år. I løpet av nokre år ville inntektene bli store nok til å kjøpe eit mindre gardsbruk.

Det er likevel viktig å presisere at langt frå alle hadde tilgang til skog. Det var berre dei skogeigande bøndene, eller dei som var leiglendingar med rett til å drive hogst, som kunne ta ut tømmer. Andre måtte eventuelt nøye seg med å ta seg arbeid hos skogeigarane.

Læringsressursar

Næringslivet i Noreg 1500–1800

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåve: Det danske ostindiske kompani

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.

SubjectEmne

Kildemateriale