Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. AntikkenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Aristoteles og «det gode liv»

Medan Platon vende blikket oppover mot ideane, var Aristoteles meir oppteken av å sjå på røyndomen gjennom observasjonar. Dette prega alle sider ved tenkinga hans. Ifølgje Aristoteles eksisterte det berre éin røyndom, og denne røyndomen kunne vi erfare med sansane.

Byste av Aristoteles. Foto.
Aristoteles

Aristoteles (384-347 f.Kr.)

Kjernen i tenkinga til Aristoteles er at alle ting som eksisterer, har bestemte moglegheiter eller potensial i seg. Frø er vegetative og skal bli til ein plante. Dyr må også bevege seg for å utnytte potensialet sitt. Aristoteles meinte at det som skil menneska frå dyra, er evna til å tenkje og handle fornuftig. Mennesket realiserer seg gjennom å tenkje, meinte Aristoteles.

Frå Statslæren

Det vil av dette vere klart at staten er til ifølgje naturens orden og at mennesket av naturen er eit samfunnsdyr.

Den gylne middelvegen

Gjennom fornufta burde altså mennesket verkeleggjere seg. Føremålet er å leve i samsvar med sine eigne evner og eigenskapar. Aristoteles meinte at livet bør levast på «den gylne middelvegen». Dygda mot bør til dømes balanserast mellom feigskap og å vere dumdristig, måtehald må balanserast mellom fråtsing og askese. Over desse dygdene ligg rettferd og visdom der sanninga bør styre eigne handlingar.

Figur: Aristoteles gylne middelvei

Tenk over ei problemstilling du har stått overfor:

Opptredde du feigt eller dumdristig?

Skal eit menneske bli lykkeleg, må det streve etter å leve etter dei riktige «dygdene» gjennom heile livet. Kunnskap er viktig for produksjon av mat, reiskapar og andre samfunnsnyttige varer. Kunst kan tilfredsstille estetiske behov, og ei jakt etter sanninga, kan vere ei lykke i seg sjølv.

Dersom mennesket viser klokskap og visdom, handlar dei ikkje på impuls, men gjennom fornufta. Eigne val og avgjerder bør takast med dygdene frå antikken som rettesnor, og den gylne middelvegen.

Tenk over:

Aristoteles var oppteken av venskap.

«Går det an å bli lykkeleg utan å ha nokon å dele den med?»

Ikkje lykkeleg åleine

Eit fornuftig liv er det ålmenne målet for alle menneske. Men for kvar og ein er målet å realisere dei beste evnene sine i det samfunnet han eller ho lever i, finne sin stil og sin plass i fellesskapen. Eit stigande tal behov, frå elementære behov i heimen til dei komplekse behova i byane, blir etter kvart tilfredsstilte. Dette inneber i neste omgang ein aukande grad av realisering for det enkelte mennesket.

Lykke er eit gode, som blir realisert når ein bruker sine beste evner i fellesskapen. Gjennom dei sosiale gruppene finn ein sin plass i samfunnet og blir «dygdige», ifølgje Aristoteles.

«Dygdene i antikken»

  • Måtehald
  • Mot
  • Visdom
  • Rettferd

Læringsressursar

Antikken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Keisartida

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordjupingsstoff om antikkens filosofi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Naturfilosofane: Kva består verda av?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sofistane og Sokrates: «Kva er det gode liv?»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Platon og «det gode liv»

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Styreform: Platon og Aristoteles

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Romersk tru og tenking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske byar: Nesebăr i antikken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Romulus

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Satire?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff