Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. MellomalderenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tida etter Svartedauden i Noreg

For bonden var tida etter Svartedauden ei økonomisk lette. For dei andre stendene vart det ikkje fullt så lystig.

tufter av gård
Tufter av gard som var i drift fram til Svartedauden, Kikedalen, Hordaland

Adelen

For adelen vart det store ednringar etter Svartedauden. No var det leigars marknad, og prisen på jordleiga fall med heile 75 % i gjennomsnitt. Dei sterke banda mellom godseigar og bonde byrja å losne. I tillegg måtte fleire mellom lågadelen byrje å dyrke jorda dei eigde, sølve. Dei vart altså bønder. Men ein fordel var det likevel at det var færre til å dele på inntektene. Sidan så mange døydde, vart både jord og lausøyrekapital samla på færre hender. Folketalet heldt seg dessutan framleis lågt ut mellomalderen. Frå andre halvdelen av 1300-talet og på 1400-talet er det då også ein tydeleg tendens til auka luksusforbruk hos overklassen.

Bonden

Svartedauden var sjølvsagt ein personleg tragedie for dei som vart råka. Men reint økonomisk var tida etter pestherjinga ei stor lette for bonden.

Mange gardar, ja heile bygder, stod folketomme. Dermed kunne dei gjenlevande bøndene flytte inn og overta gardane der jordsmonnet var mest fruktbart. I tillegg vart dei andre tomme gardane i nærleiken brukte som utmark til mellom anna beite for dyra. Trass i at den samla produksjonen i landet fall dramatisk, gjekk produksjonen per innbyggjar opp nettopp fordi det berre var den beste jorda som vart brukt.

Bonden fekk også eit meir variert kosthald. For med så mykje ledig utmark og beite til kyrne vart det lettare og meir lønsamt å drive februk. No hadde bonden større tilgang på mjølk, smør og kjøt enn før, og kornet fekk ei litt mindre sentral rolle enn før Svartedauden.

Sidan etterspurnaden etter jord gjekk ned, stod bøndene sterkare når dei skulle forhandle med jordeigarane om kva leiga for jorda skulle vere.

Kyrkja

Økonomisk var kyrkja, som adelen, jordeigarar som baserte størsteparten av inntekta si på jordleiga. Men kyrkja kunne også tene pengar på andre måtar.

Utover 1300-talet vart det eit auka fokus på at folk skulle ha personleg ansvar for si eiga frelse. Ei rein og uskuldig sjel var sikra ein plass i paradis på dommedag. Guds- og dødsfrykta var mykje meir reell enn vi kan førestille oss i våre dagar. Det var derfor vanleg å få kyrkja til å be for seg den tida ein var i skjærselden etter at ein døydde. Andre bad kyrkja om å be for sjela si til evig tid. Dette var ei oppgåve kyrkja tok seg godt betalt for – avlatsbetaling.

Om ein hadde råd til det, kunne ein også betale kyrkja for å ta vare på seg når ein vart gammal, ei slags pensjonsordning. Det vanlege var då å gi kyrkja ein del av eigedommen til familien som betaling mot god pleie livet ut.

I tida etter Svartedauden skal derfor kyrkja sin del av eigd jord i Noreg ha stige opp mot 50 %. Denne auken var nok ein god kompensasjon for tapt jordleige.

Pensjonsordning

En ekte avtale datert 1313
Kirograf datert 1313

Kjelda over er ein avtale om pensjonsordning mellom Gunvor Olavsdatter og Stavanger bispegard.

Ein ekte avtale - Gunvor Olavsdatter 1313

Kongen

Historieforskinga har tradisjonelt meint at kongemakt vart svekt etter Svartedauden. Dette er tilbakevist av nyare historieforsking.

Kong Håkon 6. Magnusson (1355–1380) hadde økonomiske ressursar til å drive utstrekt og langvarig krig mot kong Albrekt av Sverige om den svenske trona. Truleg fullførte han også bygginga av Akershus festning – den fremste mellomalderborga i landet.

Kongen hadde tre store inntektskjelder: jordleige, skatt og bøter. Jordleiga kunne han gjere lite med. Ho var jo marknadsstyrt. Når jordleiga gjekk ned, burde også skatten gjere det, men kongen klarte å ordne seg slik at han til ei viss grad fekk denne utbetalt etter gamle takstar.

Ved drap og andre alvorlege brotsverk skulle forbrytaren betale bot til kongen i tillegg til erstatning til dei etterlatne eller fornærma. I verste fall kunne kongen konfiskere eigedomen til vedkomande. Men med færre menneske i landet vart det også færre forbrytarar og brotsverk. Såleis gjekk også bøteinntektene ned. Sidan det meste av bøtene gjekk med til å løne kongen sine embetsmenn rundt i landet, påverka ikkje dette kongen sin personlege økonomi i altfor stor grad.

Kongen kunne også trekkje på andre ressursar. Vi har ei rekkje døme på at kongen kravde inn kyrkja sin tiend på vegner av kyrkja. Ikkje sjeldan beheldt derimot kongen heile tienden som lån, lån han aldri betalte tilbake.

Den norske adelen bidrog også som ressursar for kongen, særleg i krig, ved å stille væpna sveinar gratis til disposisjon for kongen.

At kongemakta hadde mykje å gå på, kan vi sjå av den valdsame skattlegginga frå tidleg på 1500-talet.

Dei eldre historieforskarane viste gjerne til naudbrevet frå dronning Margrete som bevis på at det stod dårleg til. Dei meinte at eit fattig og svekt Noreg var årsaka til at vi etter kvart kom inn under dansk styre. Men den norske kongemakta braut altså ikkje saman, slik dei tidlegare historieforskarane trudde.

Læringsressursar

Mellomalderen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Europeisk mellomalder

  • LearningPath

    Norsk mellomalder

  • LearningPath

    Alternativ mellomalder? Brot og kontinuitet på den iberiske halvøya

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • LearningPath

    Dronning Margrete i norsk historie

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Når døden vandrar usynleg omkring

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva er ein epidemi?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Verdas verste epidemiar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mellomalderen i Noreg

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Naudbrevet til dronning Margrete – ei forklaring

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Maktkorridorane 1380

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Maktkorridorane 1388

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historia om brot og kontinuitet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Islamsk ekspansjon i vest

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kristne rike i Nord-Iberia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Religiøs rivalisering og gjenerobring

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gjenerobringa, La Reconquista

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Naudbrevet til dronning Margrete frå 1370

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjelde: Dronning Margretes valbrev 1388

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Ei stemme frå eit mellomalderslott

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Maktkorridorane

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Dronning Margretes valbrev 1388

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.