Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Samfunn og menneske i tid

Samfunn og menneske i tid er det andre hovudemnet i historiefaget i vidaregåande opplæring. Hovudemnet dekkjer fleire perspektiv på fortida, men skal også trekkje linjer mellom fortid, notid og framtid.

Arbeidsstokken ved Akers mek. verksted, 1898. Foto.

Hovudemnet Samfunn og menneske i tid tar utgangspunkt i perspektiva

  • maktforhold og politikk
  • sosiale og økonomiske forhold
  • kultur og tankeliv

På NDLA finn du fagstoff og aktivitetar som skal hjelpe deg å oppnå kompetansemåla i faget. Læreplanen vektlegg kontinuitet og endring i utviklinga av samfunn, og mennesket som aktør i historiske prosessar. Vi ser på mennesket både som individ og i gruppe.

Samfunn og menneske i tid tek for seg ei lang rekkje emne i det du sannsynlegvis tenkjer på som «historiefaget» i skulen. Det handlar om korleis samfunn og menneska har endra seg heilt frå dei aller tidlegaste tider, som steinalderen, og fram til utviklinga i Noreg etter 1945. Imellom der skal du blant anna ha lært om mellomalderen, utvandringa til USA, den industrielle revolusjonen, ideologiar på 1900-talet og andre verdskrigen.

Under dette hovudemnet vil du også sjå at vi trekkjer trådane til hovudemnet Historieforståing og metodar. Kjeldeoppgåver, bruk av forskjellig talmateriale og refleksjon rundt periodisering av historia er av det som er med på å binde hovudområda saman.

Emne

Samfunn og menneske i tid

  • Tidlege samfunn

    Emnet handlar om overgangen frå jegarar og sankarar til jordbrukssamfunn og sivilisasjonar, både i Noreg og i område som Mesopotamia og Egypt.

  • Antikken

    Antikken er ein lang og spennande epoke i europeisk historie, og dessutan den første epoken vi har mykje nedskriven kunnskap om.

  • Mellomalderen

    Riddarrustningar, kampar, borger, kongar og heltar. Slik kjenner du kanskje mellomalderen frå spel, fantasybøker eller filmar.

  • Frå ca. 1500 til slutten av 1700-talet blei Vest-Europa knutepunktet i eit globalt nettverk gjennom den europeiske ekspansjonen.

  • Emnet Noreg 1500–1800 tek for seg både næringsutviklinga og dei sosiale tilhøva i perioden.

  • Den demokratiske styreforma vi har i Europa i dag erstatta eineveldet, som dominerte som styreform i Europa på 1600- og 1700-talet.

  • Emigrasjon

    Når folkegrupper utvandrar, har det som regel fleire årsaker. Dette emnet tek i hovudsak for seg utvandringa til USA.

  • Opplysningstida

    Opplysningstid er eit omgrep som blir brukt om dei politiske, filosofiske og sosiale ideane som slo igjennom i Europa i siste halvdel av 1600-talet.

  • Etter den industrielle revolusjonen i England frå midten av 1700-talet og Noreg frå 1850-talet vart det store omveltingar i næringsliv og arbeidsliv.

  • Oppbygginga av nasjonalstaten fell i mange samanhengar saman med den store demokratiseringsperioden i Noreg etter unionsoppløysinga med Danmark i 1814.

  • I Noreg har vi ei urfolksgruppe; samane, og fem nasjonale minoritetar: romanifolket/tatarar, romfolk, kvenar, skogfinnar og jødar.

  • Kolonialismen

    Kolonialisme vil seie at ein stat sikrar seg politisk og økonomisk kontroll over ein annan stat og reknar denne staten som «sitt» område

  • I dette opplegget blir du først kjend med omgrepet ideologi. Vi skal studere fire grunnleggjande ideologiar

  • Krig og konfliktar er eit breitt emne på tvers av tidsperiodar. Napoleonskrigane og første og andre verdskrigen er hovudfokus her.

  • Somalia har ein høy andel av befolkninga buande utanfor landet sine grenser, m.a. pga. borgarkrig og hungersnød på 90-talet.

  • Noreg etter 1945

    Det er fleire utviklingstrekk som påverkar kvarandre i norsk historie etter 1945.

  • Befolkningsutviklinga i Noreg har gått gjennom store endringar, spesielt i løpet av 1800- og 1900-talet.