1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknadskommunikasjon og lovverkChevronRight
  4. Lovverket i marknadsføringChevronRight
  5. Blogg i veg!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Blogg i veg!

Ingressbilde piktogram (blogg)

Bloggnotat

I ein blogg kan du ta opp det som interesserer deg, derfor kan du bruke denne oppgåva til akkurat dette, vel og merke med éi avgrensing: Det skal handle om ei sak som har med forbrukarrettar å gjere.

Sei di meining!

Tenk etter om det har vore ei sak i media i det siste som har handla om måten ei bedrift har behandla forbrukarane sine på. Døme på slike saker frå tidlegare er småspararar som har fått dårlege råd frå bankar, og charterturistar som har fått kansellert reisene sine. Kva med konsertbillettar som ikkje blir refunderte når popstjerna ikkje kjem?

Prøv å lage ei stemme om noko slikt i bloggen din der du verkeleg seier di meining!

Læringsressursar

Lovverket i marknadsføring