1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknadskommunikasjon og lovverkChevronRight
  4. MarknadskommunikasjonChevronRight
  5. Køyr kamera!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Køyr kamera!

Piktogram for filmoppgave

Lag din eigen reklamefilm!

I Noreg har vi gode reklamefilmar, og det blir brukt mykje humor for å formidle bodskapar av ulik art. Det er derfor mange morosame reklamefilmar å sjå på TV og kino. No skal du få prøve deg som manusforfattar og skapar av reklamefilm sjølv!

Dersom du vil jobbe saman med éin eller fleire andre i denne oppgåva, kan det vere lurt, men du kan også løyse oppgåva åleine.

Målet med oppgåva er at du skal forstå kor mange tankar og kor mykje arbeid det er som ligg bak ein slik film – ikkje at du skal bli ein profesjonell filmskapar. Slepp fantasien og kreativiteten laus, og ha det gøy!

Vel eit produkt

Finn sjølv eit produkt du vil lage reklamefilm om. Ta stilling til følgjande:

  • Kva er målet med reklamefilmen?
  • Kven er målgruppa?
  • Kva skal bodskapen vere?
  • Kva er appellen?
  • Korleis skal argumentasjonen vere?
  • Korleis skal komposisjonen vere? (Tenk på fargar, motiv, lyd, stemme, skrift og så bortetter.)

Bruk eit filmredigeringsprogram som Photo Story eller liknande, og set saman bilete til film. Alternativt kan du filme scener sjølv der klassekameratar er skodespelarar. Vis filmen for dei andre i klassen og få tilbakemelding.

Lykke til!

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs