1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. Segment og målgrupperChevronRight
  5. Køyr kamera!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Køyr kamera!

Piktogram for filmoppgave.

I denne oppgåva skal du lage ein kort biletserie eller ein videosnutt. Bruk teknologi du har for handa, du kan komme langt med mobiltelefonen din. Set opp bilete og tekst, og bruk gjerne videoopptak. Du kan leggje på stemme eller musikk for å styrkje bodskapen.


Lag ein film om marknaden for undertøy

No har du lært korleis marknadsførarar deler opp marknadene sine i segment, og korleis dei bestemmer seg for kva målgrupper dei skal betene i kvart segment. Du har også lært om dei tre ulike segmenteringsstrategiane vi kan bruke – udifferensiert, differensiert og konsentrert segmenteringsstrategi. No er det på tide å setje lærdommen på prøve: Lag ein film om undertøymarknaden!

Gå saman i grupper på tre, slik at de saman kan diskutere og arbeide dykk fram til korleis de best kan nytte filmmediet.

Ta for dykk korleis de vil segmentere undertøymarknaden, og kva for nokre segmenteringskriterium de vil bruke. Vis nokre av målgruppene de finn bak det segmentet eller dei segmenta de vel. De kan gjerne ha tekst med i filmen, slik at de får forklart kva de meiner. De kan også leggje på musikk og stemme med forklaringar og kommentarar.

Læringsressursar

Segment og målgrupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs