1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. Ulike marknaderChevronRight
  5. Køyr kamera!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Køyr kamera!

Piktogram for filmoppgave.

I denne oppgåva skal du lage ein kort biletserie eller ein videosnutt. Bruk teknologi du har for handa, du kan komme langt med mobiltelefonen din. Set opp bilete og tekst, og bruk gjerne videoopptak. Du kan leggje på stemme eller musikk for å styrkje bodskapen.

Vel deg ein internasjonal marknad

I kapittelet Ulike marknader har du lese om internasjonale marknader, og under ser du inndelinga av dei ulike marknadene i verda. Vel deg éin av dei internasjonale marknadene og lag ein film der du beskriv utfordringane ein kan møte på i denne marknaden. Presenter arbeidet ditt i ein filmsnutt. Bruk bilete, lyd, tekst og stemme for å få fram poenga dine.

  • Vesten
    EU-landa og andre land i Europa som ikkje er med i EU, USA, Canada, Australia og New Zealand
  • Aust-Europa
    Russland, austeuropeiske land utanom EU, tidlegare republikkar i Sovjetunionen
  • Det fjerne austen
    Kina, Japan, Korea, India og andre land i same region
  • Utviklingsland
    Afrika, land i Midtausten og i Sør- og Mellom-Amerika
Illustrasjon av internasjonale markeder.

Læringsressursar

Ulike marknader

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs