Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Kjenneteikn på måloppnåingChevronRight
AssessmentResourceVurderingsressurs

Egenvurdering

Kjenneteikn på måloppnåing

Læreplanen for faget Marknadsføring og leiing 1 har fem hovudområde, det vil seie fem hovudtema. Til kvart hovudområde er det sett opp kompetansemål. Kompetansemåla er underpunkt som forklarer meir konkret kva du skal kunne.

Emnet Marknadsføringsomgrepet dekkjer dette kompetansemålet:

  • «Eleven skal kunne forklare innhaldet i marknadsføringsomgrepet.»

Det er viktig at du veit kva for eit kompetansemål du arbeider med, for då forstår du betre kva som er kravd av deg. Men du får kanskje aller best hjelp i arbeidet når du veit kva for konkrete vurderingskriterium læraren din bruker for å måle kunnskapane og ferdigheitene dine, som i oversikta nedanfor.

Karakteren 1–2
Låg måloppnåing
Karakteren 3–4
Middels måloppnåing
Karakteren 5–6
Høg måloppnåing

Du kan forklare nokre få av omgrepa som klargjer kva marknadsføring er.

Du kan gi nokre praktiske døme som forklarer omgrepa.

Du kan forklare dei fleste omgrepa som klargjer kva marknadsføring er, men har nokre hòl i kunnskapen.

Du kan gi ein del døme, og du kan vurdere aktuelt stoff i media i eit marknadsføringsperspektiv.

Du viser at du kan forklare grundig og bruke alle omgrepa som klargjer kva marknadsføring er. Overordna stikkord her er:

  • organisasjonar
  • behov
  • etterspørsel
  • marknadsføraren
  • kjøparen
  • marknader
  • marknadsføringsaktivitetar
  • marknadsføringa si rolle i samfunnet

Du kan gi relevante døme, og du klarer å trekkje inn aktuelle nyheiter frå media som belyser korleis organisasjonar driv marknadsføring.

Du kan reflektere over korleis marknadsføring verkar inn på ei rekkje område av samfunnet vårt.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale