Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Undervisingsopplegg for lærarChevronRight
AssessmentResourceVurderingsressurs

Vurderingsressurs

Undervisingsopplegg for lærar

Marknadsføringsomgrepet

Det er alltid utfordrande å undervise i eit fag som er heilt nytt for elevane. I Marknadsføring og leiing 1 skal elevane lære seg eit nytt fagspråk og mange nye omgrep. Det er ulike måtar å nærme seg faget på. Her er ein variant ein kan bruke når elevane skal bli kjende med marknadsførings-omgrepet.

Veke Førelesing
Oppgåver
1

Bruk lysbiletserien og snakk dykk gjennom omgrepa som blir introduserte.

Gi ein grunnleggjande introduksjon til faget, men avgrens førelesinga og la elevane jobbe praktisk sjølve.

I byringa av skuleåret er det viktig at elevane får høve til å bli betre kjende med kvarandre. Det kan derfor vere lurt å begynne med ei praktisk oppgåve der elevane skal samarbeide i grupper på tre eller fire.La elevene gjere oppgåvene Stå på stand! eller Lær med digital tavle!, der dei skal lage ein presentasjon av ein tenkt kafé. Dei kan anten lage ein konkret presentasjon ved hjelp av saks, blyantar, tusjar og papir, eller dei kan lage ein glogg om kafeen. La elevane presentere resultatet som eit gruppearbeid dei første vekene i skuleåret.
2

Jobb dykk gjennom resten av lysbiletserien som førelesing.

Bruk oppgåvene Sett på spissen og Nyheitsdrypp i klassen for å få arbeidd med stoffet frå fleire vinklar.

Bruk også oppgåva Blogg i veg! for å gjere elevane medvitne om kva dei skal kunne av omgrep.

For å repetere stoffet til slutt kan de bruke oppgåva På an igjen!.

Ta til på oppgåva Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!.

Anten kan du la elevane finne grupper sjølve, eller du kan lage gruppene. Her er det viktig at du hjelper dei med å finne eit godt firma med ein innhaldsrik nettstad som kan gi god informasjon. Elevane tek no til på ei stor oppgåve dei skal jobbe med fram til jul eller endå lenger. Dei skal derfor jobbe i dei same gruppene lenge.

Elevane skal bruke firmaet som eit døme som dei skal analysere og skrive om i samband med kvart kapittel. For kapittelet Marknadsføringsomgrepet vil det seie at dei skal finne ut kva sektor firmaet er i, kva firmaet produserer, kven kundane er, og så vidare. Elevane skal lage ein presentasjon av det dei har funne, gjerne i PowerPoint.

I slutten av veka eller i veka etter kan elevane gjere Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!. La berre nokre av gruppene presentere for resten av klassen – det tek ofte for lang tid om alle skal presentere kvar gong.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale