1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Maslows behovspyramideChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Maslows behovspyramide

Abraham Maslow (1908–1970), ein av dei største psykologane på 1900-talet, utvikla ein teori som byggjer på grunntanken om at vi menneske har behov på ulike nivå. Vi kan rangere dei ulike behova hierarkisk etter kor grunnleggjande dei er.

Maslows behovspyramide. Fotokollasj.

Grunnleggjande behov

Ifølgje Maslow er det heilt grunnleggjande for oss å få tilstrekkeleg mat, drikke og søvn. For at vi skal fungere ein heil dag, er det viktig å tilfredsstille desse fundamentale fysiske behova. Dersom vi til dømes ikkje et ein god frukost, vil vi truleg ikkje vere særleg opplagde og konsentrerte gjennom dagen.

Biletet viser ein afghansk politimann som ber ein såra mann.
Faktisk tryggleik er nødvendig før ein kan bevege seg vidare oppover i behovshierarkiet.

Tryggleik

Vidare har vi behov for å vere trygge. Vi treng både faktisk og psykologisk tryggleik: Vi vil til dømes leve i visse om at vi ikkje blir forfølgde eller kan bli etne av dyr, men vi må også kunne stole på menneska rundt oss og føle oss vel.

Sosiale behov

Når tryggleiksbehova er dekte, treng vi å få dekt dei sosiale behova våre. Slike behov er å vere glad i nokon, ha venner, bety noko for andre og å kunne snakke med andre og utveksle meiningar og tankar.

Korleis oppstår nye behov?

Maslow meinte at behov på det lågaste nivået må dekkjast først, og at nye behov melder seg etter kvart som dei underliggjande behova blir dekte. Ifølgje Maslow vil ein person til dømes ikkje ha behov for positiv sjølvoppfatning før han eller ho er mett og varm. Andre psykologar har kritisert teorien til Maslow på dette punktet.

Vekstbehov

Dei tre mest grunnleggjande behova vi no har gått gjennom, står nedst i pyramiden til Maslow og blir kalla mangelbehov. Dei er livsnødvendige føresetnader for at vi menneske skal leve. Dei neste to trinna i hierarkiet kallar vi vekstbehov.

Statusbehov

Det første vekstbehovet er behovet for å bli godteken og å ha ei positiv sjølvoppfatning – eller statusbehovet. I dette ligg det å bli respektert og akseptert og å få positiv respons på det vi gjer, og på den vi er. Mange i samfunnet vårt smykkar seg med fine bilar, klokker og merkeklede. Slike ting er lette å sjå, og då får vi oftare respons på «oss sjølve» – vi blir sett og får styrkt sjølvoppfatninga vår.

Bilete av ein raud Ferrari.
Etter dei sosiale behova kjem statusbehov. Ein bil er ofte meir enn eit framkomstmiddel!

Behovet for sjølvrealisering

Det andre vekstbehovet er behovet for sjølvrealisering. Det inneber det å få utvikle seg, få til noko og nå dei måla ein set seg. Du har kanskje sjølv erfart kor godt det er å klare oppgåver du har teke til på, og kor fint det er å få bruke dei evnene du har? Det er dette som er sjølvrealisering.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale