Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Forhold til tilsetteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forhold til tilsette

Dei tilsette er ofte den største og viktigaste ressursen i ei bedrift. Dei kan bidra til at selskapet dei arbeider for, overlever i konkurransen med andre.

Kabinansatt i SAS. Foto.
Kompetente, høflege og opplagde kabintilsette er med på å gi flypassasjerane ei god reiseoppleving, og passasjerar som blir tekne godt vare på, kjem gjerne tilbake.

Den viktigaste ressursen

Det er leiaren sitt ansvar å syte for at alle dei tilsette jobbar mot eit felles mål. Dei tilsette må dessutan varetakast på fleire område for at dei skal kunne yte sitt beste. Arbeidet bør fordelast slik at kvar enkelt får ei overkommeleg arbeidsmengd, har passe stort ansvar og gjer det han eller ho er best på. Alle tilsette skal dessutan trivast på jobb og ha høve til å utvikle seg.

Nedanfor ser du ein video om Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Prøv om du kan skilje mellom dei ulike arbeidsoppgåvene som kjem fram i videoen, og tenk over kva slags kompetanse dei ulike personane må ha for å gjere jobben sin.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale