Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Forhold til offentlege styresmakterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forhold til offentlege styresmakter

Offentlege styresmakter eller styresmakter i stat og kommune er eitt av fleire kontaktpunkt for ein levedyktig organisasjon. Det er justis- og beredskapsministeren som leier arbeidet med lov- og regelverk i Noreg.

Bilete av Knut Storberget med Norges Lover.
Lovtekstar er sjeldan så detaljerte at dei gir svar på alle konkrete spørsmål. Derfor lagar styresmaktene i tillegg forskrifter, det vil seie utfyllande instruksar som er heimla i lova.

Lover og reglar må følgjast

Alle organisasjonar må rette seg etter offentlege styresmakter i stat og kommune og etter gjeldande lov- og regelverk. Til dømes må dei fleste organisasjonane betale skatt, og mange verksemder må følgje forskrifter om hygiene eller forureining.

I tillegg gjeld Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) for mange verksemder. Denne forskrifta skal syte for at bedriftene arbeider systematisk for å betre arbeidsmiljøet og tryggleiken til dei tilsette og for å unngå forureining.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale