Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Forhold til kundarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forhold til kundar

Kva hadde ei bedrift vore utan kundar som kjøper vara eller tenesta som ho tilbyr? Ho hadde iallfall ikkje overlevd lenge. Alle organisasjonar må derfor stille kundane i sentrum.

Kunde hos barberar. Foto.
I serviceyrke som til dømes frisør og barberar er den gode personlege kontakten ofte heilt avgjerande for om kunden blir nøgd og kjem tilbake.

Kunden i sentrum

Utan kundar tener ikkje organisasjonen pengar og vil heller ikkje kunne halde fram med verksemda si. Kundar er derfor eit heilt grunnleggjande kontaktpunkt for alle bedrifter og organisasjonar. Dette gjeld i privat så vel som offentleg og frivillig sektor og i næringslivet. Kundene på si side kan vere både privatpersonar og organisasjonar av ulik art.

Snikkar byggjer einebustad. Foto.
Eit snikkarfirma er kunde hos bedrifter som leverer byggje-materialar, men først og fremst leverandør av snikkartenester til kundane sine.

Kor mykje forholdet til kundar har å seie, kjem tydeleg fram i desse tenkte døma: Ein interesseorganisasjon utan medlemmer som støttar saka, ville hatt liten verdi. Det same gjeld eit sjukehus utan pasientar. Vidare er det opplagt at ei bedrift som Diplom-Is ikkje kunne halde fram som isprodusent om ingen likte isen deira. Dei må, som alle andre organisasjonar, ta omsyn til kundane sine, og desse kundane kan vere ganske ulike:

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale