1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Forhold til leverandørarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forhold til leverandørar

Ein organisasjon må ta omsyn til leverandørane sine for å overleve. Leverandørane kan levere produkt som skal seljast vidare utan foredling, eller råstoff til vidare produksjon.

Sagflis tømmes fra en container og over i store hauger. Foto.
Her blir sagflis levert for vidare foredling. Kva trur du ho skal brukast til?

Eit døme

I mange tilfelle vil ein organisasjon kjøpe varer frå ei rekkje leverandørar. La oss sjå på eit døme: Smaken av vanilje kan anten komme frå vaniljeplanten eller frå tømmerproduktet vanillin. I litt eksklusive matvarer blir det brukt ekte vanilje, som er importert frå tropiske strok. Men også vanillin er mykje brukt for å setje smak på matvarer. Sagflisa du ser på biletet øvst, er frå bedrifta Borregaard og blir nytta for å framstille vanillin – vaniljesmaken i mykje av den iskremen du et.

Både Borregaard og dei som importerer ekte vanilje, leverer altså eit råstoff til iskremindustrien. Diplom-Is på si side leverer eit ferdig produkt til butikkar og kioskar.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale