1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Forhold til konkurrentarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forhold til konkurrentar

Ein organisasjon må følgje med på kva konkurrentane gjer innan produktutvikling og marknadsføring. Dette er ein føresetnad for å kunne vere proaktiv og styre konkurransesituasjonen framfor å vere reaktiv og vente på neste trekk frå konkurrentane.

En spinkel mann spenner overarmsmusklene mellom to bodybuildere som ser på. Foto.
Det gjeld å hengje med og byggje musklar, elles risikerer ein å bli utkonkurrert!

Konkurransesituasjonen

Alle organisasjonar må stadig ta omsyn til kva konkurrentane gjer, dersom dei vil vere konkurransedyktige og overleve. Det kan vere konkurrentar som produserer dei same produkta eller tenestene, eller konkurrentar som produserer substituerande produkt. Substitutt er produkt som ikkje er identiske, men som dekkjer det same behovet hos kunden, og som derfor konkurrerer i den same marknaden. Lett-is frå Diplom-Is og ispinne frå Hjem-Is er døme på konkurrerande produkt, sjølv om det eine produktet er ein liter-is og det andre er ein pinne-is.

Bilete av Lett-is med vanilje frå Diplom-Is.
Diplom-Is er ein stor aktør i marknaden for iskrem. Isen deira kan kjøpast i butikkar og kioskar over heile landet.

I dei fleste marknadene her i Noreg er det fri konkurranse. Det vil seie at det er den tilbydaren som dekkjer kunden sitt behov best, som får selt mest og vinn i konkurransen. Diplom-Is og Hennig-Olsen Is er dei to største konkurrentane på iskremmarknaden i Noreg, og dei deler marknaden mellom seg. Likevel finst det fleire mindre konkurrentar, som til dømes Hjem-Is, som må jobbe hardt for å oppnå og forsvare ein posisjon i denne marknaden.

Ein organisasjon kan aldri «kvile på laurbæra», men må jobbe for å dekkje kundane sine behov slik at han ikkje blir forbigått av konkurrentar. Hjem-Is har ein annan distribusjonsstrategi enn Diplom-Is og Hennig-Olsen Is ved at dei køyrer rundt i gatene med butikken sin framfor å selje gjennom daglegvarebutikkar. På denne måten dekkjer dei eit litt anna behov enn dei to andre konkurrentane.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale