1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Rydd i toppen!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Rydd i toppen!

Å lage tankekart er ein god måte å få oversikt over omgrep og samanhengar på. Eit tankekart skal syne korleis eit tema er delt opp i ulike undertema, og kva faguttrykk og omgrep som høyrer inn under kvart undertema. Bruk papir og blyant eller Coggl på nett.

Oversikt over hovud- og underpunkt

I denne oppgåva skal du presentere dei ulike sidene ved marknadsføringsomgrepet i eit tankekart. Du kan bruke eit digitalt vertkøy, eller du kan arbeide med penn og papir.

Organiser tankekartet i hovudord og underord, slik at det viser korleis omrepa heng saman. Dersom det hjelper deg, kan du også teikne eller leggje inn symbol. Ofte kan det gjere at ein hugsar betre.

Kapittelet om marknadsføringsomgrepet er nokså omfattande, og det er derfor viktig at du avgjer kor detaljert du vil ha tankekartet ditt, før du tek til. Hensikta med eit tankekart er at det skal vere ryddig og oversiktleg, så pass på at du ikkje lagar for mange «greiner» på kartet.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale