Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!

Føtter som går.

I denne oppgåva skal de arbeide vidare med bedrifta de blei kjende med i Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!. Bruk presentasjonen de laga, og fortel dei andre i klassen om bedrifta.

Øv opp presentasjonsferdigheitene

Samarbeid om å presentere bedrifta:

  • Tenk gjennom kva ord og (fag)uttrykk de skal bruke.
  • Fordel oppgåver. Kven skal seie og gjere kva?
  • Ikkje bruk manuskript når de har ein PowerPoint-presentasjon å støtte dykk til.
  • Øv så mykje at de får god flyt i presentasjonen, med smidige, raske overgangar når de overlèt ordet til nestemann.
  • Unngå nøling.
  • Øv på å sjå på mottakarane når de framfører. Finn gjerne eit positivt menneske i forsamlinga som de kan sjå på av og til – det gjer deg tryggare.
  • Hjelp kvarandre til å luke bort uvanar som å klikke på ein penn, bite negler eller nøle. Slike uvanar kan distrahere publikum og føre til at bodskapen hamnar i bakgrunnen.
  • Hugs på å ta nokre rolege, djupe pust med jamne mellomrom. Då blir ein mindre nervøs, og stemma ber betre.
  • Øv på å snakke høgare, tydelegare og saktare enn de gjer i vanlege samtalar.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale