Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!

Føtter som går.

I denne oppgåva skal du bli godt kjend med ein reell organisasjon. Oppgåva er første del av eit større arbeid som kjem innom alle kompetansemåla i Marknadsføring og leiing 1. De kan gjerne jobbe i faste grupper på tre til fem medlemmer, slik at de kan lære av og inspirere kvarandre i arbeidet.

Vel bedrift og kom i gang

Finn ei bedrift som de synest er spennande, og som har ein god og informativ nettstad. Bedrifta kan gjerne liggje i nærområdet, slik at de kan besøkje henne fysisk, men det er ikkje ein føresetnad. Bedrifta bør selje ei vare, teneste eller ein bodskap som ikkje er for vanskeleg å forstå. Det kan derfor vere lurt å velje ei bedrift de har ein viss kjennskap til, som til dømes ein butikk, ein restaurant, ein frisørsalong, eit advokatbyrå eller den lokale Raude Kross-avdelinga.

Bli kjend med bedrifta

Tenk gjennom og finn svar på følgjande spørsmål:

  • I kva marknad opererer bedrifta de har funne?
  • Kva sektor høyrer bedrifta til?
  • Kva slags produkt sel bedrifta?
  • Kven er kundane?
  • Korleis vil de skildre behova til desse kundane? Kvifor trur de dei kjøper produkta?
  • Korleis marknadsfører bedrifta produkta sine?

Bruk eit digitalt presentasjonsverktøy (til dømes PowerPoint) til å presentere svara. De kan bruke inntil fire lysark med maksimalt 20 ord per lysark. Bruk bilete og symbol for å illustrere poenga dykkar.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale