Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Køyr kamera!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Køyr kamera!

Piktogram for filmoppgave

I denne oppgåva skal du lage ein kort biletserie eller ein videosnutt. Bruk teknologi du har for handa, du kan komme langt med mobiltelefonen din. Set opp bilete og tekst, og bruk gjerne videoopptak. Du kan leggje på stemme eller musikk for å styrkje bodskapen.

Kva slags kafé vil du drive?

Du skal no presentere ein tenkt kafé i nærmiljøet ditt. Tenk gjennom korleis du ønskjer at kafeen skal vere, og lag ein presentasjon. Du kan gjerne jobbe saman med ein annan i klassen.

Ta stilling til følgjande forhold:

  • Kva slags varer vil du tilby kundane?
  • Kva er opningstidene?
  • Kafeen skal ha ein viss posisjon, det vil seie eit image eller ein stil. Kva vel du?
  • Korleis vil du at dei tilsette skal vere?
  • Kva skal kafeen heite?
  • Kvar skal kafeen liggje?
  • Kven er målgruppa for kafeen din?
  • Kva prisnivå skal du leggje deg på?

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale