Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. NettverksmarknadsføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nettverksmarknadsføring

Har du nokon gong vore på eit «homeparty»? Ein del organisasjonar marknadsfører produkta sine gjennom nettverk der kundar og seljar kjenner kvarandre.

Homeparty med demonstrasjon av plastprodukter av typen Tupperware. Foto.
Her ser du eit bilete frå eit homeparty.

Familie og venner som marknadsførarar

Når ein person vi kjenner godt, tilrår eit produkt, har vi lettare for å tru på tilråinga enn når produsenten formidlar same salsbodskap gjennom tradisjonell reklame. Nettverksmarknadsføring fungerer fordi vi som kundar har eit tillitsforhold til seljar. Dette er eit trekk nettverksmarknadsføringa har felles med redaksjonell omtale (PR).

Ta ein kikk på nettstaden til Nu Skin, som distribuerer produkt for pleie av hud og hår. Dette er eit stort amerikansk firma som opererer i heile verda, og som bruker nettopp homeparties og nettverk av distributørar som salskanal.

Bilde av en demonstrasjon av produkter fra Tupperware på 1950-tallet.

Ein salskanal med tradisjonar

Homeparties er slett ikkje nokon ny måte å drive marknadsføring på, men han er ikkje så mykje omtalt. Biletet over er frå ein demonstrasjon av produkt frå Tupperware på 1950-talet. Kanskje har du sjølv, eller nokon du kjenner, plastboksar frå Tupperware for oppbevaring av mat? Eller sminkeprodukt frå Oriflame? Dette er merke som blir marknadsførte og selde ved hjelp av nettverksmarknadsføring.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale