Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Sosiale mediumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale medium

Twitrar du? Dei siste åra har sosiale medium vunne stadig fleire brukarar. Dei er er også blitt viktige marknadsføringskanalar, spesielt Facebook. Tenk berre på kor mange venner du kan nå med eit tastetrykk på Facebook!

Ikon for twitterapp på mobilskjerm. Foto.

Ein uavbroten straum av meldingar

Produsentar av varer og tenester som vil kommunisere rundt produkta sine, må gjere det der dei møter kundane. Før var dei fleste reklamane å finne i aviser og vekepresse, no er Internett med sosiale medium blitt den største reklamearenaen.

Sosiale medium er ofte billegare arenaer å reklamere på enn trykte medium, TV og Radio. Dessutan er teknologien i dag tilgjengeleg for å finne ut kva folk klikkar på, og dermed kva interesser dei har. Dette gjer det mogleg å treffe ganske presist på målgruppene ein ønskjer å nå.

Men reklame på digitale medium stiller også krav til organisasjonane som bruker det. Ei dårleg nettside eller mangelfull oppfølging av førespurnader frå kundar kan vere negativ marknadsføring. Organisasjonar må derfor sørgje for at dei har kompetanse til å vedlikehalde både nettsider og kontoar på ulike sosiale medium. Delekraft i sosiale medium er avgjerande for effekten av reklamekronene som blir brukte.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale