Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Direkte marknadsføring (DM)

Når ein marknadsførar vil nå deg direkte via t.d. adressert post, e-post eller telefon, kallar vi det direkte marknadsføring (DM). Eit døme er adresserte brosjyrar frå bokklubbar med tilbod om gratisbøker. Ifølgje Den norske Forfatterforening går det ut ca. halvannan million gratisbøker i året!

Kvinne omgitt av gratisbøker fra bokklubber. Foto.

Personleg kontakt med kunden

Marknadsføraren vender seg direkte til deg som person for at du skal føle at du er ein utvald kunde som får eit unikt tilbod. Tilboda oppfordrar ofte til «dialog» mellom deg og salsorganisasjonen, slik at du som kunde kan gi informasjon om deg sjølv og dei ønska du har. Dette gjer at bedrifta kan skreddarsy tilbod til deg i framtida.

Døme på DM kan vere tilbod om kosttilskot, tilbod om abonnement på eit tidsskrift eller førespurnader om å støtte ein velgjerdsorganisasjon, som SOS-Barnebyar. H&M-katalogen er også direkte marknadsføring, med namnet ditt på brevet som følgjer katalogen.

Biletet viser klistremerke som reserverer mot uadressert reklame.
Uadressert reklame kan vi reservere oss mot.

Reservasjon mot uønskt reklame

Du synest kanskje sjølv at du får mykje reklame i posten? Det er mogleg å reservere seg mot uadressert reklame, men du kan ikkje reservere deg mot reklame eller post som er adressert til deg. Derfor er direkte marknadsføring ein effektiv måte å nå kunden på i jungelen av bodskapar som skal treffe.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale