1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Informasjon og samfunnskontakt (PR)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Informasjon og samfunnskontakt (PR)

Public relations (PR) tyder «forhold til offentlegheita». Det norske uttrykket er informasjon og samfunnskontakt. PR er nemninga på den omtalen ei bedrift, eit produkt eller ein person kan få i media som ikkje er betalt av avsendar.

Hans Geelmuyden, en kjent norsk PR-rådgiver. Foto
Hans Geelmuyden, ein kjend norsk PR-rådgivar, snakkar under presselanseringa av den store lærarrekrutteringskampanjen Gnist i 2009.

Omdømmebygging

Det er viktig at organisasjonar har eit godt forhold til offentlegheita. Derfor må dei arbeide for at både organisasjonen og produkta den produserer, blir omtalte på ein positiv måte. I denne samanhengen er positiv redaksjonell omtale (positiv PR) svært viktig.

Redaksjonell omtale

Redaksjonell omtale er det eit medium sjølv vel å skrive om ein organisasjon fordi ein meiner at saka har nyheitsverdi. Ein slik omtale blir oppfatta som truverdig ettersom han ikkje kjem frå organisasjonen sjølv, men frå ein utanforståande part som lesaren har tillit til. Medan ein reklamebodskap ofte blir oppfatta som ei «halvsanning» eller ei overdriving, blir PR oppfatta som «sant». Derfor er PR ein ekstra sterk form for reklame.

Organisasjonar ser meir og meir nytta av PR som marknadsføringsaktivitet. Større firma har derfor ofte fleire menneske, til og med heile avdelingar, som jobbar berre med dette.

Bilete av Ole Paus som held intimkonsert på IKEA.
Då Ole Paus heldt konsert i sengeavdelinga på IKEA, vekte det så stor merksemd at pressa skreiv om det i avisa. Slik fekk IKEA pressedekning og gratis reklame.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale