Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. MarknadsføringsaktivitetarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsføringsaktivitetar

I 1993 skapte Hennes & Mauritz rabalder med undertøyreklamen sin. Lettkledde kvinner og menn på reklameplakatar var uvan kost for norske forbrukarar den gongen. Reklamekampanjen var med på å flytte grenser, og Hennes & Mauritz fekk det alle marknadsførarar ønskjer seg: merksemd.

Anna Nicole Smith på reklameplakatar for H&M. Foto.
Lettkledde kvinner og menn på reklameplakatar var uvan kost for norske forbrukarar i 1993.

Korleis nå fram til kunden?

Marknadsføringsaktivitetar er det vi gjer som marknadsførarar for å nå fram til kunden. Men kva er det så vi kan gjere for at kunden skal oppdage oss? Vi kan til dømes bruke

  • reklame
  • salsfremjande tiltak
  • informasjon og samfunnskontakt (PR)
  • direkte marknadsføring (DM)
  • sosiale medium
  • nettverksmarknadsføring

Formålet med marknadsføringsaktivitetar er å setje i gang ein bytehandel. Bytehandelen går i sin tur ut på at ein kjøpar og ein seljar møter kvarandre og blir einige om rett verdi på ei vare.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale