Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. MarknadstyparChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadstypar

Vi kan definere marknader ved å ta utgangspunkt i kundegruppa

Ole Robert Reitan viser frem spekeskinke. Foto.
Ole Robert Reitan er leiar for Rema 1000 og kjøper inn varer for vidaresal til forbrukar. Han er kunde i mellomhandlar-marknaden og leverandør i forbrukarmarknaden.

Aktørane i dei ulike marknadene har sine eigne måtar å operere på. Ein flyprodusent i bedriftsmarknaden kjøper elektroniske komponentar han treng for å produsere eit passasjerfly, og har sine spesifikke behov som kunde. Ei slik storbedrift vil nytte andre kanalar og medium for å gjere innkjøp enn vanlege forbrukarar som deg og meg.

Store organisasjonar handlar til vanleg for langt høgare summar enn vanlege kundar, og derfor blir kjøpsprosessen meir komplisert og tek lengre tid. Som vanlege forbrukarar kjøper vi til eige forbruk, og verdiane er forholdsvis låge. Dessutan treng vi neppe invitere til anbodskonkurranse om vi vil skaffe oss ei ny bukse eller ein tube tannkrem!

Biletet viser ein bakar som bakar bollar.
Bedriftsmarknaden består av bedrifter som kjøper inn råstoff og produkt til bruk i produksjon. Til dømes kjøper bakaren inn mjøl for å bake bollar.

Kven utgjer marknaden?

Når vi deler inn marknader etter kundegrupper, snakkar vi gjerne om forbrukarmarknaden, mellomhandlarmarknaden, bedrifts-marknaden og den offentlege marknaden. I tillegg har vi den internasjonale marknaden.

Forbrukarmarknaden

Denne marknaden består av enkeltpersonar som deg og meg – alle som kjøper varer og tenester til eige forbruk.

Mellomhandlarmarknaden

I denne marknaden finn vi bedrifter eller organisasjonar som kjøper varer for direkte videresal – som til dømes ei bedrift som importerer klede.

Bedriftsmarknaden

Kjøparane i denne marknaden er bedrifter som treng råstoff og tenester slik at dei kan produsere ting sjølve – som til dømes ein bakar som kjøper mjøl til å bake bollar med.

Den offentlege marknaden

Staten, fylkeskommunar og kommunar utgjer den offentlege marknaden. Desse organisasjonane kjøper varer eller tenester – som til dømes vegar, skular eller postombering.

Den internasjonale marknaden

Nokre bedrifter handlar på tvers av landegrenser og har kundar i heile verda – i motsetnad til bedrifter som har alle kundane sine i Noreg.

Ordfører Fabian Stang og Statsminister Erna Solberg besøker Nydalen Videregående skole og deltar i timen Skippertak i matematikk. Foto.
Staten og kommunane i landet utgjer den offentlege marknaden. Dei står gjerne for store innkjøp.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale