Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. KjøparenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjøparen

Som kjøparar gjer vi val ut frå behova og ønska våre. Når var du sjølv sist kjøpar av ei vare eller teneste, og kva var det som avgjorde valet ditt då?

Kunde handler klær. Foto.
Kva trur du kunden på biletet er mest oppteken av – kvalitet eller pris?

Mange slags kjøparar

Kundar, klientar, pasientar, brukarar, medlemmer: Kjøparar kan ha mange ulike namn. Ein medlem av eit politisk parti er kjøpar av bodskapen til dette partiet. Ein eldre person som bur på sjukeheim, er ein brukar av denne tenesta. Og når du gir støtte til ein velgjerdsorganisasjon, er du ein «støttar» av denne organisasjonen – du er kunde.

Biletet viser ein klient og ein advokat.
Som kunde hos ein advokat blir du kalla klient. Det du kjøper, er juridisk rettleiing.

Både bedrifter, organisasjonar og privatpersonar kan vere kundar, og alle kundane har sine eigne mål og behov. Til dømes er kvar enkelt av oss påverka av oppsedinga vi har fått, av lokalsamfunnet vi lever i, og av utdanninga vi har teke. Somme gonger tenkjer vi oss kanskje heller ikkje heilt om før vi kjøper noko?

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale