1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. MarknadsførarenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsføraren

Alle som produserer varer eller tenester og tilbyr desse i ein marknad, er marknadsførarar, og dei bruker ulike metodar for å gjere seg synlege. Store bedrifter, til dømes, sponsar ofte idrettsutøvarar og idrettsarrangement.

Marit Bjørgen og Petter Northug med sponsede jakker. Foto.
Her ser du Marit Bjørgen og Petter Northug med reklame frå sponsorar som meiner det er god marknadsføring å bli assosiert med skistjernene

Mange slags marknadsførarar

Vi har ein tendens til å tenkje at marknadsførarar er bedrifter som skal tene pengar på eit produkt eller ei teneste, som til dømes kjøp eller reparasjon av ei vaskemaskin. Men ein marknadsførar kan like gjerne vere ein velgjerdsorganisasjon som jobbar for menneskerettar, eller eit politisk parti som ønskjer å fremje eit spesielt syn i ei sak.

Alle er marknadsførarar, og dei organisasjonane som lykkast best, er alltid dei som i størst grad klarer å lese eller vekkje kunden sitt behov og produsere deretter. Dette kjenneteiknar marknadsorienterte verksemder.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale