Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. EtterspørselChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Etterspørsel

Behov skaper etterspørsel etter noko. I marknadsføringssamanheng tyder etterspørsel at enkeltpersonar, bedrifter eller organisasjonar – uansett mål, sektor og marknad – treng ulike produkt eller tenester for å få dekt behova sine.

Foto av osteburger.

Behov som skal dekkjast

Dersom vi går på skulen, treng vi i dag ei datamaskin. Vi treng også skulemat og gode lærarar med mykje kunnskap, slik at vi er mette, konsentrerte og opne for å lære. Alle desse behova fører til ein etterspørsel som blir dekt ved at ein organisasjon produserer slike varer eller tenester.

Tilpassing til kundane sine behov

Datamaskina di er produsert av ein datamaskinprodusent og laga slik at ho har dei funksjonane du treng for å bli nøgd. Skulematen din er produsert i kantina, som tilpassar menyen sin etter det du og dei andre elevane ønskjer. Dermed får kantina selt varene sine. Ein lærar er «produsert» på eit universitet eller ein høgskule og må stadig oppdatere seg slik at han eller ho kan det du skal lære, og dessutan klarer å lære det bort på ein god måte.

Bilete av ein pensjonist med datamaskin.
Kundar har ulike krav til kva funksjonar datamaskina deira bør ha. Dette må produsentane ta omsyn til dersom dei skal ha nøgde kundar.

Bytehandel

Når tilbod og etterspørsel møtest, skjer det ein bytehandel der kunden betaler pengar for ei vare eller teneste som dekkjer dei behova han eller ho har. Ein kan tenkje seg ein ringverknad: Dess betre behova til kunden er dekte, dess oftare vil bytehandlar skje, og dess meir nøgd vil kunden bli etter kjøpet.

Marknadsorientering

Dersom ei bedrift skal klare å selje produkta eller tenestene sine, må ho vere marknadsorientert og syte for å kjenne til behova forbrukarane har. Då vil bedrifta produsere og tilby dei varene og tenestene som forbrukarane ønskjer.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale