1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. BehovChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Behov

Kundar har ulike behov, og ein god marknadsførar prøver å undersøkje og dekkje desse behova. Derfor treng vi noko generell kunnskap om korleis menneskelege behov oppstår, og kva typar behov som finst.

To jenter pratar saman. Foto.
Alle menneska har behov for kontakt med andre, og det kjem stadig nye produkt på marknaden som skal dekkje dette behovet.

Å vere marknadsorientert

Alle menneska har behov for kontakt med andre, og det kjem stadig nye produkt på marknaden som skal dekkje dette behovet.

Ein god og levedyktig marknadsførar vil alltid søkje å finne ut kva kunden har behov for, for deretter å produsere det. Dette kallar vi å vere marknadsorientert. Det motsette av å vere marknadsorientert er å vere produktorientert. Då kjem vi opp med noko vi synest er ein strålande idé, og som vi trur kundane vil ha, og så går vi ut og tilbyr denne vara eller tenesta på marknaden. Dessverre fungerer ikkje denne strategien alltid så veldig bra. Vi kan nemleg lett ta feil av kva kunden faktisk ønskjer seg, dersom vi berre tek utgangspunkt i vår eigen situasjon og våre eigne behov.

Bilete av en iPhone.
Apple er ei svært marknadsorientert bedrift som «sel kontakt». Til dømes blir det stadig lansert nye og meir kundetilpassa variantar av mobiltelefonen iPhone.

Behovshierarkiet til Maslow

Vil vi vere markedsorienterte, treng vi grunnleggjande kunnskap om korleis behova våre er bygde opp, og korleis dei oppstår. Det finst ulike teoriar på dette området. I marknadsføring bruker ein ofte behovshierarkiet til den amerikanske psykologen Abraham Maslow for å forklare behova menneska har.

Ikkje alle er einige i teorien til Maslow, men det er relativt stor semje om denne grunntanken:

Ein marknadsførar skaper ikkje behov, men kan vekkje og dekkje dei.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale