1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Frivillig sektorChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frivillig sektor

I frivillig sektor er organisasjonar som jobbar for ei god sak, eller for å fremje ei interesse. Den største frivillige hjelpeorganisasjonen i verda, Raude Kross, blei stifta i 1863 av H. Dunant, er politisk og religiøst uavhengig, har ca. 97 mill. medlemmer og frivillige og ca. 300 000 tilsette.

Kors laget av folk.Bilde.

Humanitære hjelpeorganisasjonar

Mange velgjerdsorganisasjonar jobbar for at menneske skal få betre forhold å leve under: at dei får reint vatn, tak over hovudet eller kunnskapar til å dyrke den marka dei eig. U-hjelpsorganisasjonar har ei rekkje ulike program for alt frå å byggje skular til å vaksinere menneske mot ulike sjukdommar. Nedanfor ser du ein reklamefilm for Noregs Raude Kross Hjelpekorps. Treffer han deg?

Interesseorganisasjonar

Organisasjonar som jobbar for å fremme ei interesse kallar vi interesseorganisasjonar. Her er målet å formidle kunnskap rundt saka dei brenn for, og å påverke haldningane til folk. Døme på slike organisasjonar er Dyrebeskyttelsen og Naturvernforbundet. Under ser du ein video frå ein demonstrasjon i 2010, der innbyggjarane protesterte mot planane om bygging av «monstermaster» i Hardanger.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale