1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Privat sektorChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Privat sektor

I privat sektor finn vi bedrifter som er eigde av enkeltpersonar, eller som er aksjeselskap (AS). For eksempel er treningssenter i kjeder som Spenst og SATS ELIXIA til vanleg organiserte som aksjeselskap.

Mikkel Gaup med trener på SATS. Foto.
Ein personleg trenar (PT) ved eit treningssenter i hyggjeleg prat med Mikkel Gaup, som er ein nøgd kunde.

Profitt som formål

Bedrifter i privat sektor skal som regel skape verdi slik at (aksje)eigarane sine interesser blir tilfredsstilte. Når ei bedrift går med overskot, blir aksjane og dermed bedrifta meir verd. For at bedrifter skal vere lønnsame og skape profitt, må dei tilby produkt og tenester som kundane vil ha – dei må vere marknadsorienterte.

Ulike typar føretak

Private bedrifter kan vere enkeltpersonføretak der éin person gjer alt arbeidet og tek det fulle og heile ansvaret og risikoen for føretaket. Vi finn også private bedrifter som har andre selskapsformer, til dømes kan fleire personar jobbe saman og ta felles ansvar og risiko. Vidare finst det store private bedrifter som har hundre- og tusenvis av tilsette.

Logoen til Diplom-Is. Illustrasjon.
Diplom-Is AS er ei relativt stor privat bedrift i Noreg.

Eit døme på ei bedrift i privat sektor er SATS ELIXIA. Det overordna målet for SATS ELIXIA er å skape profitt, noko dei får til ved å tilby gode treningssenter og hjelpe fleire til å trene regelbunde. Eit anna døme er den relativt store norske bedrifta Diplom-Is AS.

Under ser du ein video der direktør i NHO Agder, Siri Mathiesen, uttrykkjer optimisme og stor tru når det gjeld handels- og næringsverksemda på Sørlandet. Ho trekkjer mellom anna fram den private bedrifta Elkem som svært viktig. Eitt av forretningsområda til Elkem er produksjon av silisium til solcelleindustrien.

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale