Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. OrganisasjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Organisasjonar

Når vi bruker omgrepet organisasjon i daglegtalen, tenkjer vi gjerne på ideelle organisasjonar, politiske parti og andre interesseorganisasjonar. Fagomgrepet organisasjon har ei vidare tyding og omfattar også offentlege organisasjonar som kommunar og skular og offentlege og private bedrifter.

Logoar for ulike typar organisasjonar. Kollasj.

Kva har organisasjonar felles?

Det er nok langt lettare å sjå skilnadene enn likskapane mellom ein humanitær hjelpeorganisasjon som Raude Kross, ein offentleg organisasjon som Rikshospitalet i Oslo og ei privat bedrift som Diplom-Is. Men sjølv om desse organisasjonane arbeider med svært ulike oppgåver, finst det ein del fellestrekk mellom dei.

Fast samarbeid og klart mål

Alle organisasjonar er samanslutningar av personar som arbeider mot eit avgrensa og tydeleg felles mål. Nokon organisasjonar hjelper menneske som blir forfølgde, nokon ønskjer å ta hand om naturen, nokon gir medisinsk hjelp, nokon produserer sko, og nokon tilbyr transporttenester.

Klar fordeling av roller og oppgåver

Medlemmene i ein organisasjon har klart definerte roller. Til dømes er leiinga i Diplom-Is sett saman av administrerande direktør, HR-direktør, produksjonsdirektør, drifts- og distribusjonsdirektør, salsdirektør og økonomidirektør. Til kvar rolle er det knytt klare oppgåver og den nødvendige fullmakta til å få løyst dei. I tillegg veit kvar enkelt kven som er eins eigne over- og underordna i organisasjonen.

Ein del av samfunnet

Eit anna fellestrekk ved organisasjonar er at dei ikkje kan nå målet sitt eller tene pengar utan å halde seg til ei rekkje aktørar både i og utanfor sin eigen organisasjon. Ingen organisasjonar kan eksistere i ei «boble» åtskilt frå samfunnet rundt.

Rikshospitalet i bobla. Kollasj.

Bedrifter

Det store fleirtalet av organisasjonar er kommersielle, det vil seie at dei har som mål å produsere varer eller tenester for å tene pengar. Eit anna ord for denne typen organisasjonar er bedrifter. Til dømes er Diplom-Is, Kavli og Lerum bedrifter som produserer og marknadsfører ulike typar matvarer. Men også delvis statseigde organisasjonar som Statoil og Telenor kallar vi bedrifter fordi dei har eit kommersielt formål.

Bedrift

Teknisk, organisatorisk eining for produktiv verksemd med økonomisk formål.

(Kjelde: Store norske leksikon)

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale