Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Omgrepet marknadsføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omgrepet marknadsføring

Bedrifter og organisasjonar må aktivt marknadsføre det dei tilbyr eller står for. Det er ein stor fordel å skilje seg ut for å vekkje merksemd.

Ein luftballong med teksten "Stop Global Warming" og Greenpeace framfor rådhuset i Oslo. Foto.
Då miljøorganisasjonen Greenpeace demonstrerte på Rådhusplassen i Oslo i 2009, brukte dei ein luftballong lik ein jordklode som var påført slagordet «Stop global warming». Ein iaugefallande og klar bodskap!

Aktivitetar som skal føre til kjøp

Medan organisasjonar og bedrifter vil informere forbrukarane om varene og tenestene dei sel, er kundane opptekne av å dekkje behova sine. Bedrifter som vil vere konkurransedyktige, må derfor også avdekkje kva behov kunden har, og tilfredsstille desse behova. Dersom forbrukarane ikkje oppfattar ei vare eller teneste som relevant for dei, er det lite sannsynleg at dei vil kjøpe henne. Desse sidene ved marknadsføring ligg underforstått i definisjonen under:

Marknadsføring er å planleggje og gjennomføre aktivitetar som fører til bytehandel mellom bedrifter eller organisasjonar på den eine sida og forbrukarane av varene eller tenestene på den andre.

Marknadsføring rundt ein fotballbane. Foto.
Fotballarenaer er ein ettertrakta stad å reklamere.

Denne definisjonen er noko snever, for marknadsføring kan også innebere å formidle og «selje» bestemte verdisyn og haldningar. Både humanitære og politiske organisasjonar bruker ulike marknadsføringstiltak for å nå fram med bodskapen sin.

Eit døme på vellykka marknadsføring

Under ser du ein reklame for Grandiosa Lørdagspizza frå Stabburet. Grandiosa Lørdagspizza kom i 2006, og blei lansert saman med Lars Kilevold sin song ‘Respekt for Grandiosa’. I 2006 låg songen på VG-lista i 17 veker. Dermed kan vi kanskje seie at Stabburet har lykkast med marknadsføringa av laurdagspizzaen sin?

Læringsressursar

Marknadsføringsomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale