Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Marknad og målgrupperChevronRight
  4. MarknadsføringsomgrepetChevronRight
  5. Min kaféChevronRight
LearningPath
Du er no inne i ein læringssti
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Segment og målgrupper

Definisjonen på omgrepa segment og målgruppe: Eit segment er ein del av ein marknad, medan ei målgruppe er ei kundegruppe som kan tenkjast å kjøpe varer innanfor eit segment. Varebilar til dømes er eit segment i bilmarknaden, medan målgrupper for denne typen bilar kan vere ulike typar handverkarar.

Kakediagram som viser ei tenkt inndeling av bilmarknaden i ulike segment.
Sedan, stasjonsvogn, varebil, sportsbil og SUV er ulike segment i bilmarknaden. NB: Diagrammet viser ikkje reelle segmentstorleikar.

Segment

Ordet segment tyder «del av ein heilskap». I samanheng med faget marknadsførings meiner vi ein del av ein marknad. Dersom vi tek føre oss bilmarknaden, kan vi dele han opp i desse segmenta:

Sedan, stasjonsvog, varebil, sportsbil og SUV er ulike segment i bilmarknaden. Det er sjølvsagt mogleg å dele opp bilmarknaden i endå fleire segment. Hensikta med diagrammet er å illustrere ei mogleg oppdeling.

Målgrupper

Bak kvart marknadssegment står det ei eller fleire målgrupper, som er kundegrupper med fellestrekk. Hensikta med å dele kundane i ein marknad inn i målgrupper, er at ein då kan drive meir målretta og treffsikker marknadsføring. På den måten får ein også meir ut av kvar marknadsføringskrone som er investert. Dess meir ei bedrift veit om målgruppa si, dess lettare er det å lage ein treffsikker strategi.

Døme: Målgrupper for varebilar

I segmentet for varebilar kan vi til dømes finne desse målgruppene:

  • Elektrikarar
    Ein elektrikar treng kanskje plass til verktøy og utstyr.
  • Bakarar
    Ein bakar treng kanskje ein bil med plass til mange brød og bakevarer som skal køyrast ut til kunden.
  • Snikkarar
    Ein snikkar treng truleg ein bil som gir plass til utstyr, eventuelt også til plankar og byggjevarer som er nødvendige i en byggjejobb.
  • Vaktmeistrar
    Ein vaktmeister utfører ofte oppgåver der det er nødvendig å transportere materialar.