1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. Kjenneteikn på måloppnåingChevronRight
AssessmentResourceVurderingsressurs

Vurderingsressurs

Kjenneteikn på måloppnåing

Lærestoffet under emnet Kjøpsprosessen byggjer på desse kompetansemåla i læreplanen for faget marknadsføring og leiing 1:

  • «Eleven skal kunne gjere greie for kjøpsroller og kjøpsprosessen på forbrukarmarknaden og dei profesjonelle marknadene.»
  • «Eleven skal kunne gjere greie for diffusjon og adopsjon av innovasjonar.»

Oversikta nedanfor gir deg nokre konkrete kriterium som hjelper deg å sjå kor langt du er kommen i arbeidet med dette målet.

Karakteren 1–2
Låg måloppnåing
Karakteren 3–4
Middels måloppnåing
Karakteren 5–6
Høg måloppnåing
  • Du kan beskrive kjøpsprosessen og kjøpsroller i grove trekk, men du klarer ikkje å skilje tydeleg mellom forbrukarmarknaden og bedriftsmarknaden.
  • Du kan gi enkelte døme på kjøpsroller og på stadia i kjøpsprosessen.
  • Du kan gi nokre døme på kva slags kjøp kvinner og menn har hovudansvaret for i familien.
  • Du kjenner til adopsjonsprosessen og diffusjonsprosessen, men du kan ikkje gjere greie for prosessane systematisk. Du klarer å nemne nokre namn på kategoriar og/eller gi enkelte døme.
  • Du kan stort sett gjere greie for kjøpsprosessen både i forbrukarmarknaden og i bedriftsmarknaden, og du kan gi døme.
  • Du kan nemne dei ulike kjøpsrollene og kan forklare dei, men du er noko usikker.
  • Du kan gi nokre døme på kjøpsroller.
  • Du veit kva ein meiner med kjønnsrollespesialisering, og du kan gi nokre døme på det.
  • Du kan beskrive adopsjonsprosessen og diffusjonsprosessen, og du kan gi nokre døme.
  • Du kan gjere greie for kjøpsprosessen både i forbrukarmarknden og i bedriftsmarknaden, og du kan gi døme.
  • Du kan uten problem nemne dei ulike kjøpsrollene, og du kan forklare dei.
  • Du kan forklare korleis kjøpsroller verkar inn på eit kjøp, og kva dette har å seie for marknadsførarar.
  • Du kan gi døme på kjøpsroller frå din eigen kvardag og frå media, og du kan gi døme på stadia i kjøpsprosessen.
  • Du kan reflektere rundt temaet kjønnsrollespesialisering og setje det inn i eit samfunnsperspektiv.
  • Du forstår og kan forklare korleis adopsjonsprosessen og diffusjonsprosessen fungerer for innovasjonar, du kan gi gode døme og kan reflektere rundt kva desse prosessane betyr for marknadsførarar.

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale