1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. På an igjen!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

På an igjen!

Faktasjekk

Er du klar for å sjekke om du hugsar fagstoffet og kan forklare omgrep og samanhengar om kjøpsprosessen? I så fall kan du ta føre deg repetisjonsoppgåvene nedanfor og svare så godt du klarer. Viss du sit fast, bør du bla deg tilbake i fagstoffet og finne riktig svar, slik at du hugsar det.

Repetisjonsspørsmål

  • Kva er det som avgjer kor lang kjøpsprosessen for eit produkt blir?
  • Forklar kva ein meiner med høginvolveringsprodukt og låginvolveringsprodukt.
  • Kva for stadium eller fasar består kjøpsprosessen av, og kva kjenneteiknar kvart enkelt stadium?
  • Kva kan vi som marknadsførarar gjere for å påverke etterkjøpsåtferda til kundane våre på ein god måte?
  • Kva er hovudskilnaden mellom kjøpsprosessen i forbrukarmarknaden og kjøpsprosessen i organisasjonsmarknaden?
  • Kva for nokre ulike kjøpssituasjonar skil vi mellom i bedriftsmarknaden?
  • Forklar dei ulike kjøpsrollene i forbrukarmarknaden.
  • Forklar dei ulike kjøpsrollene i bedriftsmarknaden.
  • Kva meiner vi med kjønnsrollespesialisering i kjøpssituasjonar?
  • Forklar dei fem trinna i adopsjonsprosessen. Kva skil adopsjonsprosessen frå den vanlege kjøpsprosessen?
  • Kva er diffusjonsprosessen? Nemn dei ulike typane kjøparar vi har med å gjere i ein diffusjonsprosess, og forklar som kjenneteiknar kvar enkelt kjøpargruppe.

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale